Svar på spørsmåla!

Categories Q&A

Mobil eller pc/mac? 

Det måtte nok ha blitt min kjære iPhone. Kunne seriøst ha gifta meg med den!

Har du mac? 

Desverre så var eg så dum å kjøpa meg ein dritdårleg samsung pc, berre fordi den var rosa.. Det var faktisk samma pris for den som ein mac ligg på no. Worst descision ever made.. 

Kor kjøpe du kle?

Eg handlar for det meste på dei “vanlege” butikkane som H&M, Gina, bikbok og nelly. Men har også fått ei ny favorittkjeda. MONKI!! Elska butikken deira, som ligg i KJ, og synst dei til tider har dritkule kle der. 

Mange skopar har du? 

Ca rundt 20 skopar 🙂

Har du blitt mobba før? 

Synst der er ganke personleg, men tja, vil kanskje dei det. Eg følte meg vertfall slek, og eg vart behandla som dritt av ein viss person. Han tok til og med kvelartak på meg ein gong, noko som eg aldri kjem til å gløyma. Men ellers vil eg kanskje berre sei at eg har fått alt for mange drittkommentarar opp gjennom åra, “du er feit” “ehh” “troll”. Visse kommentarar blir aldri viska vekk, desverre. 

Synst om 99’arar? 

Har nok ikkje noko spesielt i mot dei? Men det gjeld jo som alle andre? Visse personar kan oppføra seg som ufatteleg barnslege, og kan vere sinsjukt irriterande. Men hovudsakleg så har eg ikkje nokre spesielle meiningar om 99’arar. 

Tangen vs Øvre? 

Altså har ikkje noko i mot å bu på Tangen, men for meg hadde det nok vore bedre å budd i Øvre atm. Grunnen til det er at treningssenteret mitt ligg der oppe, bestissane mine bur der og eg går på skule der. Men er ikkje farleg for meg å bu på Tangen heller.

Topp 3 bloggarar som kjem fra din kommune?

Lese eigentleg berre ein blogg her i Årdal, og det er hysteri sin (eller Nina). Synst ho har ein utrulig fin blogg, og fine bilder. 

Ein ting du likar, og ikkje likar med deg sjølv? 

Ein ting eg likar med meg sjølv er faktisk veldig vanskeleg å finna. Men kanskje det at  eg alltid bryr meg om andre, og tenkjer på korleis andre har det. 
Ein ting eg IKKJE likar med meg sjølv (skal ikkje komma med kroppen min, for det veit dikka) er at eg aldri gir kompliment til vennene, eller familien, eller kjæresten min. Eg SUGE på å gi kompliment, sånn at det er flautt.

Ville du ha bytta kropp eller personlighet med noen? Hvem og hvorfor? 

Kroppen min har eg sagt før, at eg ikkje hadde hatt noko med å bytta kropp med kjære “queen B”. Same med personlegheiten hennar! Ho er så utrulig god, og verkeleg ein person eg kan seie er eit godt menneske ♥ 

 

8 kommentarer

8 thoughts on “Svar på spørsmåla!

  1. Tidlegere pleide du og skrive om noen andre jenter som du alltid var samen med, hva skjedde med de?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *