Monday

Categories Kvardag

Wow Susanne, applaus til deg for verdens beste overskrift!

Ny veka og nye moglegheitar, er det ikkje det dei seier? Vertfall så er det ein ny diett på meg denna veka som skal testast ut. Ikkje veldig drastige endringar i kvardagen, derimot verkar det ut som eg kjem til å ete meir, men me får sjå kva som skjer med vekta. Har vore nede og fiksa passet i dag, og er ikkje så forferdeleg lenge til me reiser lenger, noko eg ser veldigveldigveldig fram til. Verdens finaste plass, og verdens finaste kjæreste (klikkklass). Planane for dagen er ikkje store, skal slappa litt av, også skal eg på handballtrening klokka halv sju. Kjem også ein videosnutt av vinterferien min i løpet av kvelden ♥


Håpar alle sammen får ein superfin start på den nye veka 🙂

0 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *