Kva motiverar meg?

Categories Trening og kosthold

Får ofte gjentatte spørsmål på kva som motiverar meg på og til å trene. Så derfor tenkte eg å lage eit lite innlegg om det. 

Nye treningsklede. Eg personleg synst detta er den største motivasjonen av alt. Kjøper du deg nye treningsklede MÅ du jo testa dei ut som seier at du MÅ trena. I tillegg føler vertfall eg meg ekstra fresh når eg får knalla fargar på kroppen. 

Følelsen etterpå. Min favorittdag er fredagar, fordi da trenar eg rett etter skulen og veit at eg kan ta helg med god samvittighet. Men den følelsen da du verkeleg har gitt alt på ein trening, den er deilig. Du føler deg så topp, og glad, og hugs at dersom du brukar energi får du att energi. 

Tren med ei vennine. Dette er sånn bobb-bobb. Nokon lika veldig godt å trena med andre, medan andre ikkje taklar det. Eg trenar på torsdagar og fredagar med Alise, og det er kjempedeilig. I tillegg får du eit lite sosialt catch up. 

Last ned noko på iPaden. Eg klarar ikkje å springe utan lyd på øyrene. Anten må eg ha musikk, eller film/seriar. No har ho viaplay gjort slik at ein kan lasta ned på iPad eller iPhone. Så da er det berre til å setja på Greys Anotomy eller Pretty Little Liars.

Musikk. Musikk er noko eg MÅ ha på øyra når eg spring intervallar, eller kjapt på ei kort tid. Har lagt til alle favoritt sangane mine med litt futt i, i ei speleliste på spotify som du kan finne her

1 kommentar

1 thought on “Kva motiverar meg?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *