28.03.2014

Categories Kvardag

Hoho, skreiv fortsatt 2013 i overskrifta! Synest det er så rart at me er i 2014 og ikkje 2012, wow. Dagen har virkelig vore fantastisk i dag, og har fått gjort kjempemasse. Starta dagen med å gå på skulen etter to dagar i senga. Bihulene mine er virkelig painpainpain og det dunkar i heile panna, noko det har gjort i heile dag. Alikavel fekk eg gjennomført skuledagen, inkludert at me hadde “babyshower” for eine læraren som skal ut i mammaperm. Ei i klassen bakte muffins, alle ga inn peng så me kunne kjøpa noko fint til ho. Herre min så glad ho vart, og det er virkelig gøy å gleda andre når du får så fine tilbakemeldingar. Dagen vidare gjekk til Sogndal på shopping der eg fekk handla ein del, og innkjøpsvideo kjem på mandag. Catrine (storesøss) lagde tacokaka til kveldsmat, NAM ♥

0 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *