Merhaba! Håpar alle har starta dagen på ein mykje betre måte enn meg. Så reiseklar som eg er så gjekk eg inn og sjekka når flyet vårt skulle gå i måro og korleis gate det var. Når eg opna OSL appen ser eg at flyet skal gå I DAG klokka 14.10!!!! Gjett ein person som ringte til sas, og så og sei satt som eit totalt nervevrak i lenestolen! Heldigvis var det berre same flyet som skulle gå i dag, som går i måro. Thank God. Kofferten er pakka, veska ventar fortsatt på pc’en som skal ladast opp, og mobil ladaren. Skal opp til Øvre no for å hente gåven eg har kjøpt til Mehmet og opp til besta ein liten tur før det blir ned att. Hatar å reise på denne tiden av året, for ein veit ikkje når det kan bli stengt på fjellet, eller når det kan pøseregna. Neste gang de høyrer frå meg er mest sansynleg på Gardemoen om eg får til internettet der! 🙂
3 kommentarer
Så vakker du er!!
Kyss og klem fra prinsessen ♥
Så utrolig fin blogg du har, med fine bilder! Jeg hadde blitt utrolig glad hvis du hadde tatt turen innom min blogg også ! 😀
Du er utrolig fin! 🙂