Solfylte Oslo

Categories Kvardag

Åh, så deilig det var med skikkelig sommarvær i dag. Starta opp med ein tur på leikeplassen med mine to tantebarn og Catrine. Hadde med oss kjeks, som var veeeldig gode. NAM. Me koste oss vertfall, og vandra vidare til ein anna leikeplass. Er det ein ting eg har lært fra i dag, så er det at visst ein startar å leike “eg-skal-servere-deg-middag-i-eit-hus” leiken med ein unge, er det vanskelig å komme seg ut av den. Haha. Etter litt påfyll i magen reiste me ut igjen, og gjekk og handla. Elska og vera her, fordi eg og Catrine har ein del til felles, så det blir alltid noko å snakke om, og ho er ein fantastisk god søttespelar anten det gjeld trening eller kjærleik.

Seinare var det tid for søskentid, og me reiste til byen. Catrine håpte på å finna seg ein kjole, og eg gjekk og såg litt. Tenkte å ikkje handla noko i dag sia eg har shoppingdagen min i måro. Da blir det også eit nytt kamera som eg virkelig ser fram til. Gledar meg kjempemasse til å shoppe litt, få nytt kamera og ete frosen yoghurt med Alise på Sandvika. Håpar alle har hatt ein superduper dag, og no skal vertfall kose meg med fruktkarameller!! ♥

3 kommentarer

3 thoughts on “Solfylte Oslo

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *