Shopping og grillings

Categories Kvardag

Wow, sjå kor bra kvalitet det blir på bildene av det fantastiske kameraet eg kjøpte meg. Det er jo nesten heilt sjukt. Er allereie heilt forelska i det, og angra virkelig ikkje eit einaste sekund på at eg kjøpte det. Men haha, det var virkelig ikkje det eg skulle snakke om i dag. Dagen starta med ein frozen yoghurt på Sandvika med mi fine Alise. Me koste oss kjempemasse, og fekk shoppa kanskje litt for mykje. Burgerking stod for tur, og me satt der og snakka og åt, mens me venta på at far hennar skulle hente ho. Eg fekk eit lite problem med kamera eller forsikringen, så eg måtte reisa tilbake og fiksa det. Eg reiste vidare innover til byen, for å sjå om dei hadde eit skjørt eg forelska meg heilt i på Sandvika. Men det var utsolgt over alt. Skikkelig sad story. 

Grilling stod på planen, og me grilla og koste oss ute. Tamara og Aisha er virkelig verdens søtaste ungar, og eg håpar mine blir like fine eller finare. Men det er nok vanskelig. Hatar at eg reiser i måro, men søss, du skal nok få nok av meg i sommarferien 😉 Resten av kvelden blir nok tilbringt framfor tv’en med masse godteri og brus. Er det lørdag, så er det lørdag. 

8 kommentarer

8 thoughts on “Shopping og grillings

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *