Sommarferiee

Categories Kvardag

Wow, så deilig det er med sommar! Kan vel eigentleg ikkje seie at eg har heeeilt sommarferie endo, for me veit jo ikkje om me kjem opp i eksamen i måro eller på onsdag. Men etter alle hinta lærarane har gitt oss, så tvilar eg på at me kjem opp. Noko som i grunn er ganske deilig. Hadde eg vore 18 no hadde eg nok tatt meg ei lita veka i Tyrkia på ferie, men ser ut som eg blir heimeverande heile sommaren, desverre. Håpte så inderlig på at mamma ville ha ei siste veka med meg i Tyrkia, ettersom eg er atten neste år og reiser aleina. Har vore inne og sett litt på flybilettar og visst eg og mamma hadde reist no, så hadde me betalt 600 kroner per pers for flybillettar tur, retur. Ganske sjukt i grunn, men men.. Får vel berre vente til oktober. 

Veit blogginga har vore skikkelig nede i botnen, men har virkelig ikkje hatt motivasjon og eg har jobba og hatt skule. Hadde jobbhelg, noko eg også har kommande helg men så er det fjorten dagar fri. Gjett om dei skal nyttast godt. Skal sove lenge kvar einaste dag, jogge og slappe av. Eg har fast bestemt meg for å ikkje ha ein av dei typiske sommarane der eg eter godis kvar dag, men heller følge ein plan som innheld kun to dagar i veka med is, godteri og brus. Skal ta meg ein tur på treningssenteret no snart, der overkroppen skal trenast. Har ikkje fått trent noko særlig i det siste heller i grunn, men skal begynne att for fult no. 

Begynnar no å få litt meir former på magen, så dette kan ein ikkje kaste vekk. 

0 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *