Ravneberg og Tyrkia

Categories Kvardag

Woow, sjekk den utsikten eg fekk oppleva i dag. Det var virkelig Årdal på sitt beste og sjølv om det vart både sveitte, kvalme og høg puls var det absolutt verdt det. Å gå til Ravneberg er noko av det jævligaste eg har vore med på, og det at eg ikkje hadde ete noko frukost gjorde verkeleg ikkje situasjonen mykje betre. Men uasett så kom me oss på toppen og det var jaggu deilig. Etter turen til Ravneberg reiste eg ein tur innom til Marta og me (eller eigentleg ho) lagde oss havregraut med banan. Det gjorde kjempegodt på kroppen, og magen kunne endelig sei seg fornøyd med litt bensin. 

Over til det andre stikkordet i overskrifta. Ja, eg har overtalt mams til å reise til Tyrkia. Og neste tirsdag på denne tiden sit eg nok på Treff (restauranten min kjære jobbar) og kosar meg med mat. Eg som trudde eg måtte vere heime heile sommaren, og har sippa over det kvar dag får endelig reise til Tyrkia. Herre min så deilig det skal bli å få ta på, kjenne og lufte på kjæresten min. Høyres eg ut som ein freak no eller? Haha, men ja dikka skjønnar poenget. Skal også prøve å få blogge litt mens eg er der i og med at eg skal bu av han, og han har overraskande bra internett. 

3 kommentarer

3 thoughts on “Ravneberg og Tyrkia

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *