Livet hengande i nokon tråar

Categories Tyrkia 2014

For første gang i livet mitt har eg prøvd parasailing og. Var kjempeskummelt, og eg som aldri har hatt høgdeskrekk begynte nesten å grina når me var på toppen. Men herrejesus så fint det var når eg endeleg fekk til å slappe av å faktisk kunne ta det med ro, og puste uten å få annfall. Neida, det var virkelig ikkje så gale. Absolutt verdt 75 lirer (gang det med tre for å få NOK). Ramadan er jo begynt her nede, og eg skjønnar virkelig ikkje korleis dei held ut. I dag låg gradestokken på rundt femti, også får dei ikkje lov til å drikka vatn før soli er gått ned. Nei det blir berre for gale, spør du meg. Det er jo rett og slett farlig.

Heldigvis har ikkje Mehmet ramadan, så eg får kyssa han så mykje eg vil, og ta på han akkurat når eg vil. Planane for kvelden er å ete ute med anne (mamma til mehmet), babba (stefar til mehmet), Irem (søstraa til mehmet) og Ibo (bror til Mehmet). Me skal køyra innover mot Mahmutlar og kose oss. Gjett om eg gledar meg. Sjølv om dei ikkje snakkar eitt ord engelsk, sett vekk fra Irem som snakkar lika mykje som ein førsteklassing. Det er virkelig godt å sjå at dei er så glad i meg, og eg gruar meg meir og meir for kvart sekund som går til å reise heim. Det har virkelig vore ei drømmeveka. 

3 kommentarer

3 thoughts on “Livet hengande i nokon tråar

  1. Å så heldig du er ..tenk å få oppleve såååå masse på berre ei veke å så med beste guten:) nyt dagane du har igjen for snart er det heim til ho mor 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *