Favorittfrukost

Categories Kvardag

Ny dag, nye moglegheitar. Elskar absolutt å starta dagen med havregraut. Metttar lenge og er overaskande godt visst du toppar det med noko godt. Annbefalar ikkje å ete så masse i og med at havregryn er veldig kaloririkt, og fult i karbohydratar. Føler meg ganske flink som har klart å utføra begge dei planlagte treningsøktene mine heilt til no. Dagane går opp att i det same. Våknar, skypar med min andre halvdel, trenar, går på jobb og kjem heim. Skal eg vere ærleg veit eg ikkje om eg kan gå den turen i dag. Begynnar på jobb klokka halv fire, og klokka er jo allereie ti over tolv. Får heller ta den att den dagen eg har treningsfri. Heilt ærleg synest eg veka går dritfort, det er allereie liksom onsdag. Har att to dagar før det er ein dag fri på jobb. Skal også jobbe ettermiddag lørdag. Så har eg føremiddag i måro. Uansett så håpar eg alle får ein fin dag ♥

1 kommentar

1 thought on “Favorittfrukost

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *