Helsing frå verdas beste bloggar

Categories Kvardag

DEEEEEEEER var eg endelig tilbake. Vekene bles i grunn berre vekk når ein er på jobb, men sjølvsagt er det ikkje ein god nok unnskyldning for den ufattelege dårlege blogginga mi. Har også hatt såå masse å blogga om, faktisk. Gårsdagen må vere den beste dagen eg har hatt i livet mitt sia eg kom heim fra Tyrkia. Tidelig på dagen reise eg, Eline og Alise ut i Seimsdalen for å bade og kose oss. Fyyy så deilig det var med kaldt og godt vatn. Etter det fulgte dagen på med ein travel jobbdag, der det var masse folk innom og mykje å gjere. Etter det så reiste eg til Marta der me skulle sjå film og ete fruktsalat. Men neida, der stod Eline og Alise med Marta som hadde laga overraskelsesfest for meg. Sia eg ikkje hadde feirt dagen med dei, skikkelig søtt og eg begynte faktisk å grina, ikkje at det var noko unormalt. 

I dag tideleg reiste eg til Sogndal der me skulle verme Eline som skulle klyppa seg, og gjere nokon andre ærend. Men fekk no sett litt me og, sjølv om Alise vart ganske lei når me nærma oss slutten. Haha stakkar. Hunden som gjekk i band etter oss. Neida, men koselig var det vertfall. Føle meg som Alise sa på stranda, eg har denne veka vore lika sosial som eg har vore i heile somarferien. Og i måro tideleg klokka seks reiser eg om mami til Bergen og me skal ha ein skikkelig koselig jentetur, og sjølvsagt skal eg ta med meg kamera no, sia eg satsar på å komme på førsteplass på blogg.no 😉

3 kommentarer

3 thoughts on “Helsing frå verdas beste bloggar

  1. Åå så koselig med overraskelsesfest, var forresten med å arrangerte en i sist uke! 😀
    Har svart på spørsmålene om språkreisen nå!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *