Trening, trening!

Categories Kvardag

Heihei, og velkommen til ein ny dag her på bloggen. Smilande og blid, as always. Kastar meg berre innom for å oppdatere dikka litt før eg set i gang med kva eg skal i dag. Hoho gledar meg faktisk kjempemasse. Skal gå ein liten tur no, som eg ikkje er heilt sikker på kvar går henn, men trur nok det blir Lauvnes ein liten tur. Må berre kasta på meg ein shorts for tights blir nok for varmt, altså her snakkar me kolsvart tights i steikande solskinn. Ehm, nei takk. Og sjølvsagt når ein skal gå med shorts så må ein få barbera kaktusleggane, heldige oss, eller kva jenter? 

Ventar berre på mobilen min som skal få nok batteri til at eg faktisk kan gå tur med den, uten at den dett ut. Nokon andre som opplever at iTube berre sluuuker batteri ut av telefonen? Vel eg gjer vertfall det. Men når eg brukar spotify derimot, da kan eg gå fleire timar utan at ti prosent er brukt. Nei, veit du kva? Trur jaggu eg kjøper ein månad med spotify også eg no når eg skal ned på butikken. Anyhow så håpar eg alle får ein super duper fin tirsdag, og eg oppfordrar alle som har finværet til å ta seg ein tur ut, anten det er jogging, springing, gange uansett kva, nyt det. Balsam for sjela ♥

3 kommentarer

3 thoughts on “Trening, trening!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *