Hashtagg tusenmeteren

Categories Kvardag

Hallo alle fantastiske lesarar. Sjå kor nydeleg det var på tusenmeteren. Skikkelig, skikkelig fin utsikt. Såg over alle plassane eg har synast det har vore skikkelig tungt å gå, som Ravneberg for å nemne eit eksempel. Såg ned på det som om det var ein liten maur i forhold til tusenmeteren. Flott var det vertfall, og ganske godt å få slått ihjel tolv km. Greitt nok at eg ikkje vart kjempesleten, men litt puls hadde eg no opp bakkane, og tolv kilometer til fots er vertfal betre enn tolv kilometer i sofaen. Eg og mamma køyrde opp til firehundre meteren, og gjek derfra i ein time og tjue minutt. Og på toppen åt me ei lita pæra for å få i oss litt sukker. 

Skulen går veldig greitt for tiden, sjølv om eg teller ned dagane til ferie og Tyrkia tur. Planane for helga er ganske små i grunn, skal trene og kose meg med masse godt. Skal også på jobb på søndag, så det blir braa. Synest faktisk denne veka har gått så ekstremt fort, men samtidig så ekstremt seint. Når det var tirsdag sat eg å venta på at det skulle bli fredag, mens no synest eg ho rett og slett har gått driit fort. Uansett så håpar eg alle sammen fortsatt får ein super duper torsdagskveld 🙂

5 kommentarer

5 thoughts on “Hashtagg tusenmeteren

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *