Detta er sjukt!

Categories Kvardag

Eg blir rørt, overraska og sjokkert over kor mange fine tilbakemeldingar eg har fått på innlegget mitt. Så mange fine kommentarar, og så mange fine og gode folk som seier at eg har skrive eit bra innlegg. Hadde aldri, aldri sett føre meg at dette kom til å skje. Hadde nokon sagt til meg at eg kom til å ligge på lik linje med Linni Meister hadde eg aldri trudd dei. Eg er vertfall kjempe sjokka og kjempeglad, og svært, svært takknemleg. Håpar eg har hjelpt nokon med å tenke i litt andre baner. 

I dag har eg vore på skulen og no skal eg rett og slett berre slappe av. Skal spele inn ein liten video som sikkert kjem ut i løpet av helgi. Etter det håpar eg på å få lærekøyre litt med mamma. Dei reiser til Oba i måro og skal få sjå min kjære. Kor urettferdig er ikkje det da? Så da skal Susanne & Mia vere husmødrer og vaska kleder, og laga sausar fra botnen av. Igjenn tusen tusen takk for alle delingane, alle kommentarane og alle som har skreve til meg. Eg setter virkelig pris på det ♥

4 kommentarer

4 thoughts on “Detta er sjukt!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *