Mine kleinaste augenblikk

Categories Kvardag

God kveld! Såg Ine Kristine skreiv eit lite innlegg om ein klein episode ho har hatt, så eg tenkte å dela kva som er mine kleinaste augenblikk. Blir egentlig kleint for meg å tenkje på det igjenn, men kva gjer ein vel ikkje for å underhalde lesarane? 

? Den første er vel ein klein dobbelepisode som skjedde i sommar i Tyrkia. Først reiste eg og Michelle på shopping på ein veskebutikk. Eg leitte overalt etter ei Gucci veske, og så “snill” som alle tyrkarar er så skulle dei hjelpa meg å ta tingi mine over i den andre veska. Så mens eg tømme veska mi dett den største superpluss tampongen eg nokon gong har hatt, i sjølve TYRKIA!! Med ukjente tyrkarar! Eg veit ikkje kva det er med Tyrkia, men kanskje damene berre brukar nattbind der, eller bleier for den saks skyld, ikkje veit eg. Vertfall såg han selgaren på meg som om eg hadde vore i eit tyrkisk pornoblad, men det va jo kun ein tampong! Vertfall so var det dritkleint!! Eg tok veska mi, og eg og Michelle sprang avgårde i full latterkrampe. 

Jaja, flausen gjekk over etterkvart, heilt til me skulle bort til Mehmet. Eg veit ikkje kva det var, men eg trur eg var stressa på ein eller anna måte. Eg snudde meg bakover for å sjå om Michelle kom, for så å snu meg igjenn og gikk, men der sprang ei lita jente på meg og eg på ho. Så sa det POFF! Neida, eller, ho datt i bakken og faren ser på meg som om eg har drept ho. Eg seier fort unnskyld på tyrkisk, men det hjelp ikkje før han skamkallar meg og me spring avgårde. 

? Den neste episode er noko eg blir “mobba” for på skulen kvar einaste veka. Og veit du kva? Det skjønnar eg utrulig godt. Ein fredag da eg undra fred tok eg på meg cardiganen som låg nedi baggen min med masse drit, deriblant ein hengelås. Når me gjekk inn i klasserommet høyrte eg alle sammen kviskra og tiksra om meg, og lo. Men men tenkte eg, det er vel berre det at eg er morsom eller eit eller anna. Eg merka heile tida det var noko tungt på jakka, men tenkte i grunn ikkje noko meir over det Fram mot slutten av dagen gjekk eg med ein litt vel tung cardigan, og tenkte det skulle bli ei fantastisk helg, men det poppar det opp ein melding på facebook. “Susanne, du har ein hengelås hengande på jakka di”. Ein fuckings hengelås. Sjukt bra jobba Susanne, applaus!!

hashtagg:akrivbildefordiegikkjeveitkorleisbildesompassarinn

3 kommentarer

3 thoughts on “Mine kleinaste augenblikk

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *