Reise, reise og atter reise

Categories Tyrkia 2014

Eit passande uttrykk for korleis eg føler meg atm. Sliten, dautrøtt og vil eigentleg berre sova. Hadde gitt myykje for å fått ei seng no. Tenk hadde dei hatt senge her på flyplassen, herrejesus kor fantastisk deilig det hadde vore. Ankom vel Gardemoen (veit at det eigentleg ikkje heiter Gardemoen, men eg er vel berre vant med det) i elleve tiden, og rakk akkurat starbucks før dei stengte. Gash så deilig det var med ein Chocolate Cream Chip, aka min favorittstarbucks. Reise til Gol i ellevetiden i dagtideleg og med tog fra Gol klokka åtte. Gjett om dette blir lange tjuefire timar. 

Men for all del. Når eg kjem fram til Tyrkia er det så verdt det! Han er sjølv så oppspelt at han ikkje har lyst å sove, men når eg no kike bort på skype samtalen vår ser eg at han endeleg har sovna. Stakkars gode gutten min. Planane for dagen er først og fremst å berre vere skikkeleg forelska i kvarandre, og nyta kvart einaste sekund. Han skal ikkje begynna på jobb før klokka fem heller, så det blir jo ufatteleg deilig. Han er min så og sei heile dagen ♥

Håpar alle får ein kjempe fin søndag, og at dikka også får ein kjempefin haustferie! Det skal vertfall eg ha 🙂

3 kommentarer

3 thoughts on “Reise, reise og atter reise

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *