Innkjøp fra Sogndal

Categories Innkjøp

Heiå alle kjære lesarar som fortsatt er der ute. Beklagar for ei veke med lite blogging, ja, dikka trur vel sikkert eg er ein plass, eller forventar ein god unnskyldning. Men nei, me køyrer på med den samme som alltid, masse skule, stress, trening, jobb sjølv om eg ikkje jobba osv. Eg og verdas beste mams reiste vertfall på fredag ein tur til Sogndal for ein liten shoppingrunde. Skulle eigentleg kjøpe berre julegåver, men neida. Vart heller meir til meg sjølv. Haha. Her er vertfall det eg fekk med meg heim på fredag: 

Duftlys frå bikbok i lufta “pearl champange”. Gurimalla så godt det luftar. Prisen var på 99 kroner. 

Kommode fra jysk som kom flatpakka. Eg sat oppe to timar fredagskveld for å skru den saman, noko som eg til slutt, og med litt hjelp, klarte. Den er perfekt til å ha det eg vil ha oppi den, og perfekt til prisen av 550 kroner. 

Skuffer kjøpte eg også. Tenkte eg skulle ha litt sminke oppi den, slik at ikkje alt står på hylla. Desse er fra Europris og kosta 10 kroner stykk (om eg ikkje hugsar feil). 

Litt hårting må ein også handle inn når ein har moglegheit. Desse tre variantane handlar eg alltid ein haug av, så etter to veker er alt vekke. Eg skjønnar verkeleg ikkje kor dei blir av. Dei vanlege strikkane til venstre er mine favorittar! Dei andre strikkane eg har ryker når eg skal ta dei opp i håret, medan desse er perfekte. I tillegg skadar dei ikkje håret, kor bra er ikkje det? Fra bikbok og glitter. 

Desse to fra H&M er høstens (som er ferdig om ei veke) must. Kall meg sein, menmen. Firepakning med tynne strømpisar, og knesokkar fra H&M. 49 og 79 kroner. 

Super fin kvardagskjole fra H&M til 199 kroner. 

Supergod treningsgensar fra H&M til 199 kroner. 

3 kommentarer

3 thoughts on “Innkjøp fra Sogndal

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *