2014, part 1

Categories Kvardag

Eg starta året mitt med steinhard vilje til å gå ned i vekt, noko som absolutt skal gjerast i år og! Eg har så lyst, meg gidde ikkje begynna no rett før jul. I guess you all understand why.. Endeleg fekk ef babyen min, og eg var i hundre. Etter nokre år med iPhone 4s, telefon som låste seg, knappar som ikkje fungerte og musikk som spelte seg av når den ville, var det på tide med ein ny bebis. Eg var så sunn at eg beundrar meg sjølv. Det “verste” av alt var at det faktisk var forbanna godt og eg fekk sinsjukt med energi av den livsstilen eg dreiv på med. Gledar meg som ein liten unge til å starte med nye ark igjenn, om nokre veker. 

Mars kom på kalendaren min og eg fortsatte med den flotte livsstilen min. Noko eg hadde verkeleg dilla på var bananpannekaker. Herrejesus så lenge sida det er eg har laga det, men fytti katta så godt det er. Så enkelt å lage, og så godt. Nam. Eg var i tillegg i Oslo og besøkte mine to flotte tanteungar, åååh som eg savnar dei. Og når eg ser på dessa bilda er det rart å sjå kor mykje dei har vokse i detta året. Alise kom etterkvart heim fra Skottland med detta til meg, og tru meg, eg var i HIMMELEN! Match perfection foundationen min er seriøst den beste eg har prøvd på lenge, og den er så rimelig at det er ubeskriveleg. Finne du denna, så kjøp den! Eg har brukt opp mi tredje eller fjerde flaske. (Pstttt, du finn dei på nokon lindex butikkar). 

Mars kom, og eg satt den i gang med ein splitter ny hårfrisyre. Blondi og kort hår. Skal sei dikka det at det var utruleg godt, sida alt andre håret som forsvant var øydelagt. Etterkvart kom gulli mine te Årdal for å feira dagen til lille Tamara, har verdens søtaste video av ho når ho synger Happy Birthday til seg sjølv (kan posta den om det er ønsker om det). Hadde fine dagar med dei, før dei reiste heimatt. Sjølv om me kun var kommen til mars låg eg ute på trampoline og sprudla i shorts og levde i håp om at det ganske snart var sommar. 

April er vel den beste  månaden eg har hatt i heile år, ettersom eg såg kjæresten min igjenn etter åtte lange månadar. Me vart forelska på nytt, og alt vart så forandra. Me avtalte at det ikkje var moglegheit for at me kunne nokon gang vere ifrå kvarandre så lenge lenger, så det lengste me har vore vekke frå kvarandre no er tre månadar. Ellers så hadde me ein kjempefin jentekveld før eg reiste til Tyrkia som eg fortsatt hugsa, det var virkelig god stemning og ein kjempefin start på april. Ellers før eg reiste til Tyrkia tok eg første vippeextentionet mitt, noko som vart veldig dumt. Det gjekk av etter ei veke, noko som eg vart egentlig veldig lei meg for. 

0 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *