Eg velger å prioritere…

Categories Kvardag

BLOGGEN! 

Etter mykje tenking over kva eg skal prioritere av youtube og blogg, valgte eg sistnenmde. Eg når ut til eit større publikum, og det er fleire som føl med på bloggen enn på youtube. Eg meiner ikkje at eg skal totalt slutte å lage videoar, men det blir bloggen som blir prioritert. Synest sjølv alt har blitt litt “halvgjort” sidan eg har hatt så dårleg tid til å oppdatere dikka på begge frontar, så håpar alt skal gå bedre no når eg legg sjela mi i bloggen. Nok om det no, eg trur dikka har fått det med dikka no. 

Fekk veta når eg stod opp at søstern ikkje kjem til Årdal til jul, og eg vart faktisk kjempe lei meg. Begynte seriøst å grine.. Kall meg sutrepromp, men det er vel sånn eg er. Ein kan heller ikkje gjere noko med været, så da får det vel berre bli slek. Er jo verst for dei, så skulle nesten berre reist med privatflyet mitt og henta dei. Har så vidt begynt å skrive ei lita liste til Tyrkia, kva eg skal hugse, må kjøpe inn og kva eg skal pakke. Tenk at om berre nokon få dagar klemmer eg på kjæresten min igjenn. For ein fantastisk følelse ♥

BTW: Vinnaren av giveawayen er trukket, og er kontakta på facebook. Vann du ikkje? Bedre lykke neste gong 🙂 Det er ikkje lenge til det kjem ein ny!

2 kommentarer

2 thoughts on “Eg velger å prioritere…

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *