Sjukehus andre dagen i Tyrkia

Categories Tyrkia 2014

Etter fleire timar med fly og venting var eg endeleg på plass i Tyrkia. Gud så deileg det var å klemme gutten min igjenn! Vart møtt på flyplassen med eit stort smil og bamseklem. Med seg hadde han ein kompis som var så snill å køyrte oss. Når me kom heim til leiligheten var Michelle og Eren (kjæresten hennar) klare for å tilbringa ei veka med oss. Merkar allereie at det er kjempekoseleg, og skulle ønska det varte lenger. Me reiste på metro (stor butikk med mat, klede, elektronikk osv.) og handla inn mat til den kommande veka.  Korga vart ganske full etterkvart, kan du seie. Eren lagde spaghetti når me kom heim, og me reiste bort til anne. 

DA starta helvette og eg vart tvinga i eit glas med sitron, og forferdeleg te. Men gjett om det hjalp der og da. Seinare reiste me til Alanya sammen, men det tok ikkje mange timar før eg vart skikkeleg dårleg igjenn og måtte stikka heim. Partybreaker? Hell yeah. Sov til langt utpå dag i dag, og var død når eg stod opp. Lenge sidan eg har vore sååå dårleg.. Pusten var tung, alle ledda i heile kroppen vridde seg og stakk og feberen var på plass. Sia det er søndag er det i tillegg stengt av doktorane så me måtte på sjukehuset. Her fekk eg ei sprøya stokken i rompa, og tre medesinar som eg skal ta. Litt av ein start eller kva? 

Godt ein har tyrkisk kjæreste som passar ekstra godt på meg når eg er sjuk. Pluss ein litt overivrig tippegutt <3

 

2 kommentarer

2 thoughts on “Sjukehus andre dagen i Tyrkia

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *