2014, part 3

Categories Kvardag

Eg begynte å handle inn litt kleder til Tyrkia, og vart meir og meir reiseklar for kvart minutt som gjekk. Eg oppdaga i tillegg ein av dei beste foundationane eg har brukt nokon gang. ♥♥♥True Match♥♥♥

Eg fullførte denne nydelege boka. Følte nesten at eg vart forelska i alle sammen i boka, og at eg satt og grein på bussen når eg vart ferdig med den. Alle sammen, ver så snill og les ho. Plis, just do it for me.

Hoho, detta er vel det største høgdepunktet i heile år. Mitt kjære, velkjente blogginnlegg om dagens kroppsfokus. Skapte ein stor reaksjon blant folk, avis og vetle Årdal. Tilbakemeldingane var FANTASTISKE, og det var verkeleg verdt å lese innlegget. 

Prøvde å framstå som sunn, sjølv om blogginnlegget dreia seg om at ein skulle eta kva pokker ein ville. Men detta her, detta her folkens var faktisk j*kla godt. Oppskrift kan du finna her

Så kom avisinnslaget om meg. Gjett om eg var stolt da? 

Hausten slo inn for fult, og det var fine fargar over alt. Kulden kom også sakte, men sikkert noko eg absolutt ikkje var klar for. 

Eg reiste tilbake til min vakre andre heim. For nokon fantastiske veker eg hadde, fylte med sol og ein haug kjærleik. 

11. Oktober vart eg forlova med min elskling. Tenk å vera så romantisk da? Alle jenters drøm, eller vertfall min drøm. Hugsa alt som om det var i går, og det er noko eg aldri kjem til å gløyma. 

Årets vinterjakka vart kjøpt, og det var luevær. Eg hadde i tillegg dilla på dessa nike skoa (overraskelse: dei er fake) som eg benytta kvar dag når eg hadde moglegheit til det. 

Eg var i Sogndal og handla alt for masse. You know, just got mah moooney. 

Eg lagde eit etterspurt innlegg om kvardagssminken min, som du kan lesa her

Eg gleda meg som ein liten unge til jul, snø og advent. 

Eg tek ikkje med desember, fordi den er jo nettop gått, og eg hadde ein utruleg dårleg bloggmåned. 

Håpar dikka har likt oppsummeringa av året, også snakkast me 🙂

 

 

 

2 kommentarer

2 thoughts on “2014, part 3

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *