Saturday breakfast

Categories Kvardag

FOR ein frukost, seier eg berre! Skikkelig laurdagsfrukost, spør du meg. Stod opp på vanleg måte, gjekk og såg i kjøleskapet i ca ti minutt før eg fann ut at eg skulle laga meg banan-sjokoladepannekaker. Koste meg kjempe lenge med dei, og sjølvsagt eit glass med god, nypressa appelsinjuice. Når eg gjekk inn att på rommet stod eg seriøst i døropningen i ti minutt (les ti sekund), og gapte over kor rotete rommet mitt er. Trur det aldri har vore såå rotete som det er no. Så planen for i dag er vel for det meste å rydda rommet, vaska det samt rydda klesskapet. Kjem sikkert til å kasta over halve, med klesplagg med prislappen hengande på. 

Må også få ut å trena, eller komma meg opp på golds. Har trent kjempe lite denne veka, men alikevel gått ned ein kilo. Kor sjukt er ikkje det? Det er vel da du eigentleg berre vil skippe alle treningsøktene, og berre leve på sjokolade heile veka. Har også skjønt at ein ikkje treng å hive i seg fem kilo med sjokolade kvar einaste helg, men at ein heller kan kose seg litt og litt og nyte kvar bit. Nok om sjokolade, trening og eting no. Nyt laurdagen alle sammen, og et nett kva dikka vil! Alle treng minst ein dag der dei berre kosar seg, og et nett kva dei vil ♥

15 kommentarer

15 thoughts on “Saturday breakfast

  1. FOR EN FROKOST! Det sier jeg også, for herlighet så lyst jeg fikk på sånne pannekaker nå. OG!! Så gøy at du ser framgang i ting, ingenting som er gøyere enn det 🙂 legge ut oppskrift på pannekakene?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *