Chapter 19 of 365

Categories Antrekk

Dagens treningsøkt er ferdig, og blogginnlegget er også snart publisert. Sov til klokka var åtte i dag, og tok bussen opp for å trena på treningssenteret. Der var det ganske så fult allereie klokka halv ti om morgonen. Det er vel slik det er kvart einaste år? Ein pressar seg fult ut heilt fram til midten av februar, før motivasjonen dett på botnen igjen. Er jo mange så køyrer hundredagarsprosjektet, noko som eg synest verkar litt motiverande. Tenkte kaanskje eg skulle prøve det ut, men er litt skeptisk endo. Føler at eg får dårleg samvittigheit om eg ikkje klarar det, men alikevel er det jo ein stor motivasjon i seg sjølv. Det går jo hovudsakeleg ut på at ein skal ha hundre økter på hundre dagar, der ei økt skal vare i minst tretti minutt. Dette gjer det blant anna lett å få fullført to økter på ein dag. Er litt kjedeleg å vere aleine om det, så spørst om eg kanskje får med meg nokon på det. 

Dagen i dag må bli brukt til å prioritera litt skulearbeid. Må rett og slett setta meg ned og berre jobba fult med litt matte og litt sosiologi. Er utrulig lenge sida eg har jobba skikkeleg med lekser, eller fag som eg heng litt etter i. Men satsar på at i dag blir ein slik dag. Ellers så er eg blitt heilt forelska i klokka som dikka ser over. Så enkel, simpel og perfekt. Nydelig. Ellers har eg også på meg ein av dei beste kvardagskjolane ever, som eg kjøpte på sisters point for kun ein tohundre-lapp. Smykket som eg har på meg piffar lett opp eit simpelt antrekk, og det har eg kjøpt på ebay 🙂

Håpar alle får ein kjempe fin mangdag, og ein super start på veka ♥

5 kommentarer

5 thoughts on “Chapter 19 of 365

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *