30 spørsmål

Categories Kvardag

Heisann fine lesarar, og velkommen til ei ny fantastisk veke! Starta ho med skule, trening og no sit eg her og bloggar til mine fantastiske lesarar. Sida mørket har senka seg, er det vanskeleg å få til nokon fine bileter. Eigentleg så sit eg innkrypt i eit teppe i sveitte treningsklede og er alt for lat til å dusja, tørka håret og sminka meg igjen før det er blitt beksvart ute. Derfor har jo Anette laga 50 spørsmål som eg tenkte eg kunne svara på i dag, kanskje dikka blir litt betre kjend med meg: 

1. Kor gammal er du om fem år? Da fyller eg 23 om nokon månadar. Såå sjukt!! Føler fortsatt at eg går i tiende klasse liksom. 

2. Kven har du vore sammen med i minst to timar i dag? Hmm, den flotte klassen min og Mehmet (ikkje fysisk). 

3. Kor høg er du? I passet mitt står det vel 168 eller noko sånt. Eg er vel ikkje heilt sikker.. 

4. Korleis film såg du sist? Siste filmen eg såg var The fault in our start, med min kjære på fireårsdagen vår. 

5. Kven ringte du sist? Da ringte eg ho Lene. 

6. Kven ringte deg sist? Det var også ho Lene. 

7. Kva stod det på den siste smsen du fekk? “Ovnsbakt aure m purre, paprika, gullrøtter og ris.. Saus om du vil ha. Fristar det?”

8. Foretrekk du å ringe eller sende sms? Eg har litt sånn telefon-angst, så eigentleg så hatar eg jo å ringe. Sms derimot, er ein fantastisk oppfinnelse!!

9. Kor er din favorittstad? I armkroken til den aller beste i heile heile verda!

10. Korleis plass foretrekk du minst? Rett og slett i tannlegestolen. 

11. Når såg du mora di sist? For om lag to minutt sida. 

12. Korleis augefarge har du? Eg har krystallblåe auger. 

13. Korleis julesang likar du best? Den finaste sangen eg nokon gang i historien har høyrt er Kurt Nielsen med “Himmel på jord”. 

14. Er foreldrene dine gifte eller skilte? Dei har vore skilte leenge. 

15. Når våkna du i dag? Eg våkna først klokka kvart på sju, før eg igjen legg meg ned att, våknar klokka sju, legg meg ned igjenn, våknar klokka ti over sju, legg meg, blir tvungen opp klokka tolv minutt over sju, står opp. 

16. Kor befinn du deg om ti år? Forhåpentlegvis har eg klart å fått M hit, gift, har ein spennandes jobb, to ungar og ein fantastisk flott leilighet. 

17. Kva skremte deg om natta som barn? Nei, det var vel slike mareritt som alle har. Eg hugsar spesielt når me var i Bulgaria og eg hadde verdas værste mareritt om ein dverg som skulle drepe meg. Eg klarte ikkje å få tankane vekk på noko anna den siste veka, og det gjorde ikkje noko betre at Mia (stesyster mi) skreiv ein anonym lapp som sa “I will kill you”. Værste eg har opplevd nokon gong. 

18. Kva youtube-klipp var det som sist fekk deg til å le? Hahahaha, denna! Alle som går i klassen skjønnar kvifor. 

19. Kva er din beste eigenskap? Min beste eigenskap er vel at eg er ein veldig god lyttar og er flink til å snakka med personar. Altså, eg er ein veldig god venn å ha i eit brudd. 

20. Kva er din verste eigenskap? At når eg begynnar på noko er eg all in, men etter eit par veker er det ferdig, eller som M seier, bitti. 

21. Søv du med eller uten kleder om natta? Kjem an på, men sovnar som regel i ei stor boyfriend t-skjorte. 

22. Kor mange puter har du i senga? 4+ pynteputer. 

23. Kva er det raraste du har ete? WAIT FOR IT, WAIT FOR IT! Trommevirvel…………..

KANIN!!! Hell yeah, sjukaste! Til mitt forsvar så sa pappa at det var kylling. Føler meg som verdas værste dyremisshandlar. 

24. Har du stasjonær eller bærbar data? Eg har ein fantastisk mac, pluss ein rosa kasse samsung. 

25. Foretrekk du sko, sokkar eller bærføtt? Eg ELSKAR sokkar! Eg meiner det! Kunne gått med sokkar sjølv når eg dusjar. Og det er så deileg at det finst så mange forskjellige sokkar. Fuzzy sokkar og strikkasokkar er fantastiske skapningar!

26. Kva høyrer du på akkurat no? Høyrer på ein oppegåande samtale mellom mamma og min stefar. 

27. Korleis is er din favoritt? TRESS IS! Klassikar. Less is much ♥

28. Korleis dessert er din favoritt? Hmmm.. Eg veit faktisk ikkje, er jo såå masse godt. Men kanskje Creme Brule? 

29. Kva er den største premien du har vunnet? 1000 kroner på bingo. Det var stas det. Pappa sa eg fekk velga mellom barbiebladet eg ville ha, eller ei bingoblokk. Og eg valgte bingoblokk. Me spelte og eg fekk jackpotten på 1000 kroner, som var ein del på denne tida. Hugsar det som om det var i går. 

30. Likar du kaffi? NEI, ÆSJ!

2 kommentarer

2 thoughts on “30 spørsmål

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *