Tips: Korleis få deg jobb?

Categories Kvardag

Mange har sikkert nyttårsforesett om å få seg ein jobb innan året er passert. Noko som eg også hadde i fjor. Heldigvis var eg så heldig at eg fekk jobb på kongen av alle kongeplassar, nemlig Veekiosken. For dei som aldri har høyrt om det, så synest eg verkeleg synd på dikka. Seriøst! Det er den beste fast-fooden i heile, heile verda. Me har alt fra burgarar (topp det med cheddar ost, og det smeltar i munnen) til saltar, og baguettar. Eg var jo som alle andre, og trudde eg aldri i verdas historie kom til å få meg ein jobb, men etter masse spørring og prøving fann eg verkeleg draumeplassen. Eg har så fantastisk snille, og gode kollegar og eg trivst veldig godt der. Så her kjem dei tipsa eg kan gi dikka utifrå kva eg sjølv har opplevd: 


 ∞ Møt opp personleg! For mange er ikkje dette ei sjølfølge, og mange tek desverre med seg foreldrer når dei skal spørre om jobb. Det er dumt for da viser du at du ikkje er nok sjølvstendig til å jobbe, og at du er avhengig av mamma og pappa. Møter du opp personleg viser du ei interesse for kva du skal spørje om, og at du faktisk bryr deg om jobben og vil ha den! Det er så mykje betre på alle måtar. Om du skal søkje på større kjeder så veit eg at du helst skal sende mail med cv, men om du skal på små matbutikkar, cafear eller restaurantar vil eg annbefale å møte opp personleg. Du kan seie kva du meiner gjennom kroppsspråk og stemme. 

∞ Alltid smil og ver positiv! Det hjelp verkeleg ikkje å komme inn med munnen hengande, sur som ei sitron og irritert fordi du ikkje har fått nokon andre plassar. Sjølv om du berre vil grava deg ned, og det kanskje er ditt siste alternativ må du hugse å halde motet oppe. Eg veit sjølv at ein kan bli oppgitt når ein får nei frå alle andre plassar, men det hjelp vertfall ikkje å komma inn der, vera sur å lei og framstilla deg på ein dårleg måte. Ver positiv, ver deg sjølv og ver smilande! Det er noko alle arbeidsgivarar vil ha. 

∞ Vis interesse over kva du skal jobbe for. Skal du søke på ein klesbutikk var det ikkje eg som ville kommet der, om eg ikkje hadde visst ein dritt om kva kle, og mote er. Eg likar jo å lage mat, og elskar å ete mat. Derfor søkte eg blant anna på Veekiosken. Hugs at du mest sannsynleg skal drive med det i vertfall eit par år, så derfor er det viktig å søkje ein plass der du verkeleg likar deg. 

Eg meiner, ser ikkje dette godt ut? Foodporn deluxe! Vil du ha detta kjem du til kassen, og seier du vil ha den beste beef-sandwichen EVER!

∞ Kle deg litt OKEI! Eg seier for all del ikkje at du skal komme i ballkjole, høghælar og falske augevipper. Men ver så snill, ikkje kom i joggebuksa, usminka og håret ubørsta. Eg hadde ikkje orna meg så masse sjølv, men eg hugsar at eg vertfall ikkje kom i joggebuksa. Du speglar deg sjølv litt, visst du kjem i ført treningskleder og ein vil kanskje tenka “Okei, kvifor har ikkje han/ho orna seg? Orkar han/ho det ikkje, sjølv om dei ber om ein jobb?”. 

∞ Snakk! Snakk masse om deg sjølv, kva du driv med på fritida, kva som gjorde at du søkte der eventuelt andre ting du vil snakka om. Gjer du det, framstår du som ein godt utadvendt person, og ein veit at du kan snakke med kundane utan problem. Det å vere utadvent når du søkjer ein jobb, er utruleg viktig. Er du sjenert, lat vertfall som du er utadvent. Visst du ikkje seier noko, og arbeidsgivaren sjølv må stille spørsmål kan praten gå veldig, veldig sakte.. 

3 kommentarer

3 thoughts on “Tips: Korleis få deg jobb?

  1. Veldig enig med deg, det viktigste er absolutt å møte opp personlig og holde en liten samtale ettersom de fleste ansetter etter hvem de har best kontakt med, og ikke minst spiller førsteinntrykket en stor del 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *