Sminkepungens favorittar, januar

Categories Sminke

Første månaden av 2015 er ferdig, og eg har finplukka mine favorittar for månaden. Har allereie funnet mange fantastiske, med stor f, produkt som eg gleda meg til å vere bestevenn med resten av året. Det som tek mest oppmerksomhet frå dette bildet er jo den fine, fine blushen som ligger i midten. Den er frå nars, og er den allerkjente “Orgasm“. Denne gir ein utruleg fin glød til ansiktet, og er langt i frå så barbierosa som den ser ut som. For å få ein kjempe fin sommargød, og bonzy look har eg brukt denne nydelege (og ikkje minst billige) bronzeren, frå merket makeupreveloution (?). Den er i fargen Golden Days, og er ein nydeleg glødande farge. For at sminken skal holde på heile dagen, kvar dag er det godt med ein god foundation. Denne frå Lòreal, Infallible, sit heile dagen, og har ein fantastisk dekkevne. Verkeleg eit godt produkt som eg ikkje angrar eit sekund på at eg kjøpte!

Den aller, aller største favoritten har vore denne maskaraen frå Chanel. Leitar du etter GIGANTISKE vipper passar denne perfekt. Den er jo ganske dyr, og eg fekk jo den, men gjett om eg kjem til å kjøpe meg endo ein når den går tomt? Jepp. Innpakningen er så simpel, så stilrein og så perfekt. Maskaraen heiter Le volume de chanel, og er den beste maskaraen eg nokon gong har prøvd. Kjøper dikka denne, veit eg at dikka ikkje kjem til å angra. På venstre side av maskaraen har me den beste kontur/bronzeren eg nokon gong har prøvd. Den er vel meint til å vere ein bronzer, men i og med at den er så kald og så gråtona passa den kjempe bra til å gi kontur til kinnbeina. Bahama mama er eit must i sminkepungen. TIl høgre ser dikka dior BBcreamen min som eg også har fått. Den er kjempe god, og eg føler ikkje at eg har på meg noko som helst. Denne er ein ganske ny favoritt, i og med at eg fekk den tidlegare i veka. Gir overraskande god dekkevne, og tørkar ikkje huda inn. 

Ved sida av chanel maskaraen min ligg verdas beste hurtigprodukt. Har du dårleg tid, samtidig som du berre må fiksa bryna er dette redningen. Denne har eg snakka om i ein video, og er Gimme brow fra Benefit. Den sett bryna på plass der dei skal vere, og held utover heile dagen. Siste produktet er eit settingpudder som eg brukar for å setje concealeren under augene. Den er lysreflekterande, så du får eit ekstra piff under augene. Denne får du kjøpt på lush og blir kalla for Emontional Brilliance

17 kommentarer

17 thoughts on “Sminkepungens favorittar, januar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *