Let’s go

Categories Tyrkia 2015

Engeleg Gardemoen (eller Oslo Lufhavn som det no heiter). Men mange timar med reising var eg endeleg her. Veit ikkje heilt kva det er, men når eg kjem på flyplassen, det er da eg får reisefeber. Missforstå meg ikkje, eg har reisefeber ellers og, men det er da eg verkeleg skjønnar at eg skal reise. Bussen kom til Oslo i halv tolv-tiden i dag tidleg, og gjekk Oslo rundt for å få tak i Mac sin “Sore” lipliner. Fann eg den? NEI. Den var jaggu utsolgt over alt. Vil uansett ikkje sei at det var synd i Mac, for kjøp vart det. Dama som var der fann fram verdas finaste leppestift til meg. Skal vise den til dikka seinare, i lag med den fine blushen ho og fann fram. 

For første gang reiser eg med Turkish Airlines. Er litt skeptisk, sjølv om det er det selskapet som har fått mest skryt for både mat, personale og fly. Spennande blir det vertfall! Skal også mellomlande i Istanbu, som eg heller aldri har gjort før. Blir heldigvis ikkje verande der så aaltfor lenge, forhåpentlegvis lenge nok til å gå innom VS. Må ha meg ei ny smikemappe, og noko undertøy. Mehmet kjem og hentar meg på flyplassen, så reiser me strake vegen mot Oba. Har lovd meg sjølv at eg skal vere overflink til å bloggge, mens eg er i Tyrkia denne gangen. Så Mehmet kjem til å stille opp som fotograf fleire gonger. 

4 kommentarer

4 thoughts on “Let’s go

  1. Eg reiste til Tyrkia aleina for første gong når eg var 19 år. Mellomlanda i Istanbul. Istanbul er ikkje ein oversiktlig flyplass akkurat,men kom meg fram for det 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *