I går hadde me det verkeleg fint. Sola skinte og temperaturen steig. Me starta dagen ved å reisa på stranda for å ta bilder til outfiten min, som dikka kan sjå her. I tillegg tok me også nokon bilder saman, som dikka ser lenger nede i innlegget. Vidare så bestemte eg at me skulle ein liten tur inn til byen, for å ete nutellavafle. Og daamn, gjett om det var digg da? Belgisk vaffle, smørt inn i nutella og toppa med jordbær, banan og kiwi. Får vatn i munnen berre eg tenkjer på det, må vertfall inn att ein gong til.
Vidare gjekk me litt rundt i Alanya, og bestemte oss for å sjå litt historie ved Alanya. Det var første gong Mehmet har gått ved borga. FØRSTE gong folkens, og han har budd her i tjuetre år?! Til og med eg, som har vore her 7-8 gongar har vore og sett det. Fleire gonger. Han vart vertfall overraska over kor beint alt var, og kor flott dei hadde lagd bygningane. Me avslutta vår eigne lille rundtur på ein liten restaurant nede ved havna med kvar sin cay (tyrkisk te) og ein nydelig utsikt over heile Alanya. Tusen takk for ein kjempe fin dag, forloveden min ♥ Thank you for a perfeckt day, my fiancè.
– Kor sjukt godt ser ikkje dette ut? –
Soo kjekt å lese innlegga dine…kjekt å vite du koser deg…nyt dagane saman med din kjære ..klem
Ååå, verkar jo heilt perfekt!! Kos deg og nyyyt reisa snuppa! 😘
så fine og koslige bilder 😀
kos! ønsker deg fin helg
Utrolig fine bilder 🙂
det så koselig ut 🙂
SÅÅ UTROLIG FINE BILDER!!! 🙂 Ønsker deg ein super god helg!
Så fin bilder 🙂 Ha en fin helg 🙂
Hvor har dere spist belgiske vafler med nutella? Så kjempegodt ut! :p
Ser ut som dere koser dere masse ^^
Suzii: Åh, det gjer me og 🙂 Me åt det på Hansi Pastanesi 🙂