Datenight

Categories Tyrkia 2015

50 shades, plankebiff og masse kjærleik. Kan det bli betre? Gurimalla, for ein fantastisk kveld me hadde i går. Klokka fem reiste me på 50 shades, som eg så vidt kom inn på. Her nede var det tydlegvis den med attenårsgrense, og me fekk problem. Men ved litt flaks, og ein god overtalar så fekk me os jaggu inn. Vart faktisk veldig skuffa over filmen, men den var jo heller ikkje kjedeleg. Me hamstra poppcorn, kvar sin brusboks og kvar sin sjokolade. Har aldri vore på kino med kjærasten min før, så det var fantastisk og sitta å holde hender i kinosalen. 

Etter filmen tok me bussen til Ev restaurant, som er verdas koselegaste visst du er på ferie med din kjære. Me kjøpte kvar sin plankebiff, høyrte på livemusikk og koste oss alt for masse. Eg kjenner at sjølv om eg har to dagar att så vil eg verkeleg ikkje reise tilbake til Norge. Kunne godt tenkt meg og vore her i nokre månadar. Spesielt gale er det når eg ikkje veit når eg reiser hit att. Eksamenar står for tur, samt gjer mykje jobbing og mykje skulearbeid. Me får sjå, satsar på at det ikkje blir aalt for lenge til neste gong. I dag har me rett og slett ingen planar, så spørst om det blir ein liten tur bort på Alanyum, som er eit shoppingsenter. Håpar alle sammen får ein kjempe fin søndag ♥

12 kommentarer

12 thoughts on “Datenight

  1. Å heldig du vennen..Du ha hatt ein kjempefin vinterferie med din kjære ..fine bilder.💗💗💗

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *