Skal du reise aleine?

Categories Q&A

Etter mange månadar med venting, kjem endeleg innlegget om å reise aleine. Har faktisk vore etterspørsel om det, og tenkte derfor å snakke litt om det. Først og fremst må eg berre seie at det er IKKJE normalt å reise til Tyrkia som 17-åring. Mamma har så stor tillit til meg, og eg har så stor respekt for ho. Ho veit korleis eg er når eg er med Mehmet, og derfor har ho sendt meg. Hadde eg fucka det opp i juni/juli hadde eg aldri fått reist ned att aleine når eg var under 18. Eg er jo ei jente som ho veit ho kan stole på, og eg har aldri gjort noko gale. Så det første du burde gjere er jo å byggje opp tilliten til foreldrene dine. Så kjem jo spørsmålet om kor gammel ein burde vere før du reiser aleine. Det er ingen fasitsvar på spørsmålet. Mine meininger er at ein kan reise så lenge ein er moden nok, og at ein hsr respekt til foreldrer. 

 

Var eg redd? Sjølvsagt var eg pissredd! Eg skulle reise heilt fra Bergen til Antalya, for så at Mehmet skulle hente meg med ein kompis. Det var spesielt ekkelt når det var turbolens i flyet, og eg skulle verkeleg ønska mamma var der attmed meg. Etterkvart har eg jo vant med til det, og synest det nesten er gøy med turbolens. Wee, karusell, haha. Noko som er viktigt at du gjer, er å spør! Spør uansett kva det gjeld, og uansett kor dumt det høyres ut. I tillegg er endo eit tips å følgje flokken, når dei skal gå ein plass for å sjekke inn/ut. Dette har eg gjort mange ganga når eg har mellomlanda (eller berre dei to gangane). 

Og ja, du må vere rutinert for å reise. Det er viktig å kanskje setje seg ned, planleggje korleis du skal komme deg til flyplassen, heimatt, korleis du skal komme deg til leiligheten/hotellet og kor mykje peng du skal bruke der nede. Eg har alltid vore veldig flink med å lese skilt og hovudsakleg alltid komme meg dit eg skal. Folk som ikkje er rutinerte burde ha med seg anten ei vennine, eller ein forelder.

 

Så når du kjem til flyet, og innsjekking er det alltid å ha eit system i sakene dine. Eg har som regel ei mappe som eg har visum, bilettar, pass, sas-kort og eit papir mamma har skrive. Det er også noko ein må hugse på. Få foreldrene dine til å skrive at “Susanne Moen Øy reiser til Alanya, med ….. bookingnummer, klokka …. og heimreise klokka …..”. Samt underskrift og telefonnummer. 

 

Mellomlandingar. Det verste med alle mellomlandingane er å venta! Mellomlanding er oppskrytt, fordi det er ikkje farleg og ikkje vanskeleg. Som regel blir bagasjen din sendt direkte, slik at du slepp å hente den og sjekke den inn på nytt. Fram til no har eg mellomlanda ein gong i København og to gonger i Istanbul. Einaste eg kan sei er at du må vere forsiktig med at du må hugse alt du har tatt med deg. 

 

Det siste eg vil sei i dette innlegget er litt om flyselskap, og annbefala spesielt eitt! Eg har reist med SAS, Ving (Thomas Cook) og Turkish airlines. For meg ligg sas dårlegast an. Dei er skikkeleg sure, dårleg matval, lite beinplass osv. Eg finn desverre ikkje mykje positivt med dei. Ving derimot har super koselege flyvertinner, ein får tilbud om mat, og det er film ombord, samt sal av lodd der du kan vinne premiar. Turkish airlines er på toppen av min skala. For eit flyselskap! Superkoslege flyvertinner som smiler turen rundt, samt mange andre fantastiske faktorar. Maten er jo kåra til den beste, og det kan eg skrive under på. Noko som er veldig kult er jo det at du vel sjølv kva mat du vil ha. Du kan blant anna velgje mellom Low calorie meal, er du muslim kan du velge muslimsk mat, jødisk mat eller vil du berre ha frukt kan du få det. Gratis drikke får du gjennom heile flyturen, der du kan velgje mellom all brus, samt øl, vin, vodka, whishey for dei over 18. Det er lagt veldig fint til, til barn og dei får utdelt kvar si aktivitetsbok og ei lita pakke med masse leiker. For meg får THY 10 av 10 stjerner. NB: Ein positiv faktor er at dei har the fault in our stars på flyet!

 

 

7 kommentarer

7 thoughts on “Skal du reise aleine?

  1. Jeg reiste også alene for første gang da jeg var 17. Da flyttet jeg inn hos en vertsfamilie i York, England. Husker så sykt godt da flybussen kjørte opp til ett knøttlite fly med to seter på den ene raden og ett på den andre. Skulle mellomlande i Skottland. Var litt ekkelt å føle at man var i en liten hermetikk boks da det ble turbulens men man lærer jo å bli veldig selvstendig når man driver å reiser alene 🙂

  2. Ha et fint opphold der! Husker selv da jeg reiste alene et sted – til London, og da var jeg 18 år 🙂
    Ikke så skummelt, som man skal tro at det er

  3. Gode tips 🙂 Husker jeg fløy med kjæresten min i jul, og siden jeg er under 18 måtte jeg tydeligvis ha en lapp med underskrift (selv om jeg hadde flydd alene uten det før), og så ble det så mye tull på flyplassen når vi landet, haha 🙂 Er så utrolig viktig å huske på sånne ting!

  4. Gode tips! Jeg pleide å være helt fine med mellomlandinger, helt til jeg hadde en mellomlanding i orlando, hvor bagasjen aldri kom, så jeg misset flyet 🙁 Men sånt skjer! Haha 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *