Veka som gjekk

Categories Oppsumering

Hei og hopp, alle fantastiske lesarar. Som dikka sikkert har skjønt, skal eg fake Kristina Andersen sitt blogginnlegg som handlar om veka som gjekk. Her oppsummerar eg forskjellege episodar i korte trekk. Så lat oss berre begynne. 


 

Vekas motivasjon: Denne veka har det stått ganske klart i hovudet mitt, at eg skal motivere meg sjølv til å bli flinkare på skulen. Etter karakteren eg fekk i historie forrige veka, må eg berre setje med ned å ta tak i visse fag. Eg må følgje ekstra godt med i timane, og notera ned alt som skal noterast ned. i tillegg har eg blitt motivert til å byrje å lese på teorien til førarkortet. Har tatt utallige testar på nettet, boka vart bestilt for to dagar sida og eg er klar for å byrje å lese. Hadde vore såå deilig og berre blitt ferdig med teorien. 

 

Vekas høgdepunkt: Det viktigaste høgdepunktet er jo at me har påskeferie, altså ingen skule. Det er så deilig med litt ferie, der eg kan sova endo litt lenger, sjølv om eg skal på jobb. Har ein del fag som eg må henta meg litt inn att på, og må skriva stikkord til prøven me har torsdag etter påskeferien. Det andre høgdepunktet var at mine fantastiske tanteungar frå Oslo kom ein tur. Tamara skulle feire bursdagen sin her, og det betyr jo også at heile familien kom samla. Det er virkelig fantastisk når eg har alle som betyr noko for meg, nær meg. Eg er så heldig som har ein så fin familie. 

 

 

Den fine prinsesse kaka mamma lagde til Tammi. Btw, sjå på sjokkansiktet til Aisha, haha, eg dør. 

 

Vekas beste innkjøp: Det er nødt til å bli dei fire, fylte påskeegga eg kjøpte til mine fire tanteungar. Synest virkelig det var såå kosleg å gi noko til dei. Dei fortjener det alle fire, så fantastiske ungar som tante er såå glad i. 

 

Vekas kjiping: Når eg fann ut at min kjære iPhone 5s har fått vatnskadar. Utrulig trist i grunn. Det er visse tastar ein ikkje kan trykke på, som tilbaketasten. Eg kan ikkje ta video på snapchat (bu-hu), får så vidt til å sende ein snap, den skrur seg av og er bokstaveleg talt heilt hemma. Blir snart ein ny telefon, og trur eg skal for fyrste gong prøve samsung. Nokon her som har opplevelsar med samsung s5? 

 

 

Vekas latterkrampe: Haha! Når eg var på jobb på mandag, var også Sigrid der. Eg stod og ante ingen fare, før eg plutselig høyre eit dunk i døra. Eg tenkte jo ikkje noko meir på det, før ho latte att døra ein gong til og kom inn til meg. Ho hadde den donald-kulen midt i panna, og var raud som berre pokker. Eg trudde eg skulle dø! Stakkars Sigrid.. 

 

Vekas tanke: Har tenkt utrulig masse på utdanning denne veka. Altså kva eg skal gjere etter eg er ferdig med vidaregåande. Det er så sjukt at du skal bestemme resten av livet ditt, og kva du skal leve av mens du er så ung. Eg føler meg fortsatt som ein liten dretunge som ikkje gjer anna enn å klage, eller uffe meg. Skal eg bli det eg vil, det som er mest lønnsommt eller det som samfunnet treng fleire av? Kva karakterar må eg ha? Eg har for dårlege karakterar. Eg har for gode karakterar. 

 

3 kommentarer

3 thoughts on “Veka som gjekk

  1. Kjekt lese ..Ja artig ansiktutrykk .😊.Flott du ha satt deg mål for dei 2 siste mnd dette skuleåret….STÅ PÅ..👍👍👍

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *