Reiseguide: Alanya

Categories Tyrkia 2015

 

Etter mange forespørslar om eg kunne skrive ein slags reiseguide om Alanya, tenkte eg at eg endeleg skulle setje meg ned å gjere det. Problemet er berre det at eg ikkje veit kor eg skal starte. Alanya er jo fyrst og fremst ein av dei meste kjende turistbyane i Tyrkia, og ligg to timar frå Antalya, som er den nærmaste storbyen. Denne fantastiske plassen er kjend for festing, men og familieferiar med lange, slappe solfylte dagar på stranda. Eg vil i grunn seie at begge tinga stemmer. Kanskje mest den om barnefamiliar. Eg har sjølv reist hit mest som unge med mi mor, stefar og stesyster. Det var perfekt her, med fake kleder, billig mat og god temperatur. 

 

Alanya har mykje å bå på når det kjem både til turistattraksjonar, shopping og ikkje minst restaurantar. Eg, personleg, elskar å stå på toppen på borga å sjå utover heile Alanya, samt Oba og bort mot Mahmutlar på den eine sida, og mot Konaklar og vidare mot Side. Det er også fantastisk mykje historie som ein blant anna finn ved borga. Har du lyst på ein liten trimtur, kan du blant anna ta gåturen opp med fantastisk utsikt på toppen. Ellers så har dei fleste taxiar fastprisar til borga. 

 

 

 

Det er jo sjølvsagt veldig mange andre plassar du også kan besøke, som eg ikkje nemner her. Men eg vil velgje dei to plassane eg likar best. Nummer to er Dim Cay, eller Dim river. Det ligg jo litt i namnet at dette er ei elv som er plassert ganske høgt oppe på ein fjelltopp. Me har kun vore der ein gong, men håpar på å gå der fleire gonger. Det er så fantastisk deilig å berre slappe heilt av der om sommaren, mens du høyrer vatnet som fossar ned frå elva. Det er sjølvsagt ikkje straum i elva, og ikkje noko farleg å bade der. Vatnet er kaldt, det er god mat der og det er rett og slett berre ein fantastisk plass og vere på sommaren. 

 

Skal me gå over til litt mat da folkens? Tyrkisk mat, generelt, er veldig godt. Det er ikkje så veldig sterkt, men meir ein rund smak. Dei brukar sjølv mykje lam og ku, i og med at det er eit muslimsk land. Dei fleste plassar får du kjøpt akkurat den maten du vil ha, bortsett frå svin. Eg har aldri sett ein plass der dei lagar, eller tilbreder svin. Restaurantane har veldig god mat, og min favorittrestaurant var tidlegare treff, men den er jo no stengt. Eg lovar at all mat eg har spist der, har vore fantastisk. Den ligg jo litt utanfor Alanya, så eg får vel holde meg til sentrum. Ev restaurant er ein utruleg, utruleg heimekoseleg restaurant. Det er trestolar, live musikk kvar kveld og fantastisk god mat. Trur garantert det blir fleire besøk der, ettersom maten var så god, stemningen var topp og me likte oss eigentleg veldig godt der. 

 

 

Shopping er jo noko for alle oss jenter, og gutar også for den skyld. Tyrkia er prega av MASSE fake kleder. Du ser det uansett kva veg du snur deg, samt med veskebutikkar. Mykje av kleda er god kvalitet på, medan andre ikkje er så god kvalitet på. Eg er blitt ganske metta på fake kleder, så eg leitar i full desperat for orginale kleder. Alanya har kjedebutikkane LC Waikiki, Mavi, Loft, De Facto og ein haug andre tyrkiske kjedebutikkar som har mykje fint. Dei har gunstige prisar, samt god kvalitet på kleda. Eg har blant anna funnet mi favoritt bukse frå LC.

 

Ein finn også kjende merkebutikkar som Nike, Adidas, Quicksilver, United Colours of Benetton og til og med Ralph Lauren. Prisane er sjølvsagt mykje billigare enn i Norden, så mange av oss vil tene på det. Eg kjøpte meg blant anna Nike Free run sko i 2013, som då kosta rundt 1500 kroner i Norge. I Alanya betalte eg 700 kroner for dei. Det er jo tross alt halve prisen, så det er ikkje rart eg då kjøper joggeskoa mine i Tyrkia. Ralph Lauren skjortene som kostar rett under 1000- lappen her i Norge, kostar rundt 200-300 kroner i Alanya. Og då snakkar me ekte orginalvarer. Fantastisk eller kva? Så då er det berre til å reise med tom koffert, og fylle den opp. 

 

Heilt til slutt er eg berre nødt til å ta opp folkeslaget i Alanya. Dei er så varme. Guttar kan vere farlege der, men kun visst du går med shortsen inni rompa, magetopp som så vidt dekkar puppane dine og viser deg fram på ein dum måte. Men ja, det er mange dumme guttar i Tyrkia som kun er ute etter ein ting, men så er det også mange som er så fantastiske. Berre sjå på min forlovede. Tyrkarar kan verke påtrengande, men set du deg ned og snakkar med dei, er dei eit generelt hyggeleg folkeslag som alle slit med sitt problem, slik som oss nordmen, engelskmenn og alle andre også gjer. 

 

2 kommentarer

2 thoughts on “Reiseguide: Alanya

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *