Årets fyrste

Categories Kvardag

 

Årets fyrste grill er unnagjort, samt med ein fantastisk ettermiddag med dei mest fantastiske jentene. Eg har kosa meg såå mykje med jentene i dag, og me har ledd til tårene sprutte ut, grilla pølser, marshmellow med sjokolade og ete is. Lenge leve sommarkroppen to tusen og femten, eller kva? Eg har verkeleg eit elsk/hat forhold til denne treningen og kostholdet, men eg må virkelig skjerpe meg. Søstera mi satt jo opp det programmet, men eg er verkeleg ikkje instilt på å leve slik endo. Det er kanskje viktigare berre det å holde seg i bevegelse, og ha ein okei livsstil. Vil jo sjølvsagt vere i god form, men det viktigaste for meg akkurat no er å ikkje skeie ut kvar dag, men kose meg på dagar som i dag. 

 

Planen var jo hovudsakeleg å grille i måro, men såg at det var meldt dårleg vær så da tok me det i dag. Må forresten tipse dikka om verdas beste namnam; Ta ein marshmellow, pakk inn ein liten del av ei sjokolade rute, grill den og nyt. Når både sjokoladen og marshellowen er livet herleg. Det er på dagar som dette ein merkar kor mykje ein gledar seg til lange sommardagar med bading, grilling og nyting med desse fine jentene. I tillegg til ein tur til mitt vakre paradis. Avsluttar faktisk veka med heildag på torsdag, noko eg synest er greit. Er sååå dårleg i norsk, men satsar på at det går bra. Under kan dikka sjå fleire telefonbilder frå dagen, hadde desverre ikkje med meg minnebrikka til kameraet: 

 


 

 

 

1 kommentar

1 thought on “Årets fyrste

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *