The perfect match

Categories Kvardag

 

– Sex and the city, ice cream and best friends is absouFUCKINGlutly the perfect match –

 


 

Kan eg endeleg sei helg? Såå godt med fri i måro, vertfall frå skulen. Turen til Tyrkia blei desverre avbestilt av personlege årsakar. Eg orkar desverre ikkje å gå så mykje inn på det, men hadde ein ganske trist dag i går. Eg og Mehmet får ta det som det kjem, og det er jo heller ikkje alt for lenge til eksamenar, prøvar og det aller beste, sommarferie. Som eg gledar meg til tida framover. Føler meg som den skulenerden, men eg gledar meg faktisk litt til eksamen, spesielt visst eg kjem opp i tysk. Hadde rett, og slett vore amazing. Det verste eg kan komma opp i er matte skrifteleg, da kjem eg til å grine meg i søvn kvar natt fram til eksamen. 

 

Dagen i går var jo ganske dritt som eg sa. Det var mange tårer, skuffelsar for oss begge men me fiksa opp til slutt. Eit forhold er jo bygd på tillit, og det vart verkeleg testa ut i går. Det skal også bli testa ut i dei kommande vekene og månadane. Det er i slike situasjonar det er godt å ha ekte venner som stiller opp for deg. Jentene på skulen stilte opp for meg, eg fekk tebodet om å bli køyrt heim att og hadde fantastiske jenter som kom ned til meg med sex and the city. Så da satt me der, med kvar sin isboks i hånda, SATC på tv og seinare kveitebollar i ovnen. Er ikkje desse noko å samle på, så veit ikkje eg. 

 

 

 

 

 

3 kommentarer

3 thoughts on “The perfect match

  1. å, det så veldig koselig ut! Sex and the city er en av mine favoritt serier. Synd det ikke varte lengre en 6 sesonger da.. Ha en strålende dag videre 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *