Orgasm and sheer love

Categories Favorittar

Tenk at me faktisk er inni den siste dagen i april. Fytti katta kor fort tiden går, føler det ikkje er lenge sida me hadde juleferie eg. Haha. I måro er det mai, som tyder siste månaden før det er sommar! Tenk på det da. Blir heilt “ifra” meg, over kor mykje eg gledar meg til sommaren, Tyrkia, attenårsdag og mykje jobbing. Synst faktisk det er kjekt å jobbe eg på sommaren, da har ein liksom noko å gjere på, og ein blir ikkje liggande heilt på latsida i to månadar. 

 Over til det som innlegget faktisk handlar om, nettopp mine aprilfavorittane mine. Eg har blant anna hatt Nars sin Orgasm blush på favorittlista mi før, men den har lenge berre lege nederst i skuffa. Det er jo vår, og denne er nydelig til å skape litt liv i ansiktet, samt litt vårlig farge. Bourjois sin Healthy Mix har også blitt brukt opp denne månaden. Denne får rett og slett huden til å sjå rein, nydelig og naturleg ut. Samtidig dekkar den utruleg godt, sjølv om den ikkje blir liggjande som eit lag på huden. For å få litt vårleg luft, har eg elska å brukt body misten fra Victoria’s Secret i duften Sheer Love, både på huden og på rommet. Eg får så mange komplimang når eg brukar denne, noko som gjer at eg føler meg fantastisk. Den er super frisk, søtt, men ikkje for søtt. Denne er, og har vore absolutt ein stor favoritt i april. På leppene har eg elska den fine liplineren eg kjøpte meg i Berlin med namn, In Antipication. Den er sjølvsagt frå merket Mac, og er ein av mine favorittar for tiden. Eg har spesielt likt å brukt den med Makeup Mekka sin leppestift i fargen Girl Next Door. Det blir ein nydeleg matt finish. 

 På neglene mine har eg hatt denne fine neglelakken frå Tyrkia. Den er nydelig på, men dett desverre veldig fort av. Den er uansett heilt stunning når den er på neglene, og det er nemleg ein neglelakk frå merker Gabrini, i fargen C02. Den er super fin no til våren, og har den finaste korall fargen eg nokon gong har sett. For å setja prikken på i’en når det kjem til sminke, pleier eg alltid å leggja litt highlight på toppen av kinnebeina, og det får huden verkeleg til å stråle. Denne har vore til stor nytte i det siste, og den er frå Mac. Fargen heiter Soft and Gentle, og er verkeleg eit produkt som det er verdt å bruke pengar på. Så finn du det, kjapp deg og kjøp det! Skal love deg at visst du får tak i dette, er du heldig. Heilt til slutt kjem det som eg har vore mest impornert, og “stolt” over. Det er sjølvsagt frå bryneksperten sjølv, nemleg Anastasia. Anastasia har nydelege, og utruleg gode produkt til bryn. Dette er den kjente DIPBROW Pomaden, som eg har i fargen Dark Brown. Verkeleg ein super invenstering. 

7 kommentarer

7 thoughts on “Orgasm and sheer love

  1. Heiiii det går ikke å stille spm i spørsmålsrudeinnlegget så spør her!
    Jeg lurer på om dt har skjedd noe mellom deg og mehmet siden du ikke dro? hva har skjedd?
    hvorfor forlovet du deg så ung?
    hva er din favorittmat?
    godteri eller potetgull?

  2. Tiden går altfor fort! Er jo ikke lenge siden januar..
    Gleder meg masse til sommer og ferie jeg også. Blir mye jobbing her og, heldigvis 🙂 Sant som du sier, er kjekt å ha noe å gjøre på!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *