Din eigen naglesalong

Categories Innkjøp

Mottok så mange spørsmål om UV-lampa mi, og neglekittet som gjorde at eg nesten berre måtte lage eit innlegg om det. Ovanfor ser du alt du får med i neglekittet, og inneheld ei veldig god startpakke, med UV gel, lappar som gjer at du kan legge gelnegler, falske negler og mykje tilbehør. Eg synest vertfall det er eit supert startkitt, og har allereie småhandla litt falske negle (synest det vart såå lett å leggje dei), samt nye fargar med gel neglelakk. Må nok prøve å legge gel negler ein gong også, men det gruar eg meg litt meir til, fordi eg ikkje er så erfaren på å legge dei. 

Sjølve lampa er 9 Wolt, og ein velg sjølv om ein vil ha den europeiske stikkkontakten, eller den amerikanske. Det er vel eigentleg ikkje så mykje meir å seie om den, i og med at den fungerar akkurat som den skal. Eg er jo veldig, veldig nybegynnar på alt dette. Derfor ser ikkje neglene mine ut som ein draum, men heller ikkje som ein dass. Så får me sjå kor lenge dei held, før eg får utforska med gel negler, og andre fargar og mønster. 

Settet kosta til saman 226 kroner, noko som er sinsjukt billig. Men ein må leggje til litt ting, som falske negler, teiprullar osv. Men dikka finn vertfall kittet ved å trykke her

8 kommentarer

8 thoughts on “Din eigen naglesalong

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *