Kvifor akkurat Alanya?

Categories Tyrkia 2015

Det finst sikkert tusenvis av jenter som skal på jentetur til sommaren, ikkje har bestilt og er i tvil om kor dei skal reise. Eg har så lyst å stappe det inn i hovudet dikkas med teskjei, at Alanya er plassen. Så kvifor Alanya? Er det ikkje berre ekle tyrkarar som klår på alt som kryp og går? Vel, nei det er ikkje kun dei som er der nede. Det er så mange andre grunnar til å reise hit, og eg skal fortelje dikka nokre få av dei. 


 

Fyrst og frems været: Om sommaren er det sjeldan du får oppleve ein regndrope. Om du opplev regn i Alanya, og generelt Tyrkia varar det kanskje i ein halv time. Men då BØTTAR det ned, og det er klart igjen på himmelen etter få timar. Temperaturen er også deilig. Før har det faktisk vore for varmt, men i år er det litt “kaldare”, om ein kan seie det. Det er ikkje slik at ein sveittar i hjel, men at ein kan nyte kvar einaste solstråle som treff kroppen. 

Utelivet: Dette er jo eit pluss for ungdommen, men ikkje for dei eldre. I Alanya er det ei eiga bargata, som spelar dunk dunk musikk til langt på natt. Det blir som regel aldri kjedeleg om ein er ute. For å seie det sånn, treng ein absolutt ikkje alkohol for å ha det gøy på desse barane. Eg dunkar, ler og har det supert kvar gang eg er ute. Men det er sjeldan eg kjem heim sørpa, og i det heile tatt drikk. Min favorittbar er absolutt Queens garden, som ligg i smørauga av shoppinggatene, og bargata i Alanya. Her spelar dei “gammal” musikk, som grease, Michael Jackson, samt nyare og norsk musikk. 

Maten: Tyrkarar er jo kjende for og kunne lage god mat. Den er ikkje for sterk, samtidig som det er mykje smak av den. Eg må seie den mest fantastiske maten eg kan få er frukosten. Me har mange gonger vore på tyrkisk frukost, og mange forskjellige plassar. Det er som eit lite kåltbord, der det er litt av kvart. Ein har det tradisjonelle som syltetøy, eggerøre, men også utradisjonelle ting som tyrkiske ostar, tyrkiske rettar osv. Favorittplassen min for frukost må vere på restauranten, det er bilete av ovanfor. Her betalar ein rundt tre hundre kroner for fire personar, som er litt “pricy” til å vere i Tyrkia, men det er absolutt verdt det. Navnet på restauranten er Zirve restaurant, men eg veit at dei også har fantastisk frukost på Dim Cayi/Dim River.

Utfluktar/aktivitetar: Det er eit hav av ulike ting ein kan oppleve i Alanya. For oss ungdommar er jo jetski (vannscooter) utruleg morosamt. Eg og M har køyrt det fleire gonger, og ler like godt kvar gong. Parasailing er også utruleg poppulært, og ein får sett vakre Alanya frå høgt oppe. Det er verdt kvar einaste krone, om ein ikkje har høgdeskrekk. Vil ein oppleve litt meir spenning kan jeep safari vere eit alternativ. Her leiger ein atv/4 hjuling og køyrer rundt i fjella i Alanya. For meg som elskar fart og spenning, var dette supert (sjølv om eg ville køyre endo fortare, og endo styggare). 

Prisane: Alt er latterleg billig her nede, og det er ikkje ofte ein får ein så billig middag. Pizzane ligg for det meste på 45 kroner, og visst ein kjøper drikka på butikken betalar ein kanskje 3 kroner for ein iste. Så gjett om eg drikk meg feit der nede? I tillegg er jo heile Tyrkia generelt billig, også når det kjem til kleder. F.eks skjorta eg hadde på forrige outfit kosta meg 30 kroner. Visst ein eksempel har leilegheit der nede, og går på mandagsmarknaden (i Oba), betalar ein ca 6 kroner for ein HEIL melon. Ikkje at nokon treng det, men de skjønnar kor billig det er? 1 kg med jordbær kostar rundt 3 kroner. Så det er absolutt fantastisk. 

Menneska: Dette er sjukt inviduelt. Nokon hatar tyrkarar meir enn alt anna på jord, og meinar dei er terroristar, IS-arbeidarar og idiotar, medan andre meinar dei er fantastiske, kjære og omsorgsfulle. Eg er av den siste typen. Kanskje det har noko med å gjere at eg er blitt tatt inn i ein tyrkisk familie, ikkje veit eg. Dei er vertfall utruleg snille med meg, og gjer meg alt eg treng. Hadde mor til M hatt 3000 kroner på kontoen, og eg hadde spørt om eg kunne fått dei, hadde ho sagt ja. Kvar gong eg kjem til Tyrkia, klemmer ho meg hardt og kyssar meg på kjaken. Den dama altså!

6 kommentarer

6 thoughts on “Kvifor akkurat Alanya?

  1. Var i Alanya i September i fjor! Så morsomt, kjenner meg igjen i flere av plassene du nevner osv. Var på Queens Garden, men dro fordi jeg var så sliten etter en lang dag. Skal definitivt dra tilbake med venner når jeg blir eldre! 🙂

  2. Hei! Jeg skal til side i sommer og har veldig lyst til å ta bussen fra side til antalya eller alanya! Hvor mye koster bussen og hvor anbefaler du å gå? Ønsker å gå på butikker som starbucks, saphora og Victoria secret.

  3. Anna: Du får bussen for 60 kroner, som du kan kjøpa på nettet, eller bussstasjonen 🙂 Hadde definitivt reist til Antalya, og tatt taxi til terra city! Her har du ALT du treng 🙂 Sephora, Nyx, Zara, Bershka, Pull & Bear og alle andre kjente kjedebutikkar.. Har også høyrt masse bra om Deepo, som M meinar eg hadde trivst på, der har dei blant anna Bath and Bodyworks 🙂 Er utruleg mange flotte butikkar og plassar i Antalya, så det annbefalar eg verkeleg 🙂 Eller så kan du ta innlands fly frå flyplassen til Istanbul, som kostar 200 kroner 🙂 Tek 30 minutt dit, tenkte eg og M tek oss ein tur seinare i år 🙂

  4. Da prøver jeg det, men ett spørsmål til! Jeg har veldig lyst å kjøpe en falsk merke veske men har hørt du kan få bot av å reise med dem som håndbagasje, har du noen gang reist ut av Norge me en falsk merke veske å har du blitt stoppet? Takk for kjekke svar, er det noe du vil anbefale å gjøre i side eller kemer?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *