The very first day

Categories Reise

For ein utruleg, nydleg by me har tatt oss til i. Me har vore “heldige” med været, på den måten at me ikkje har fått alt for mykje regn på oss. Det bøtta ned i går når me kom, men seinare på kvelden titta også sola fram, noko den også har gjort i dag. Begge dagane har gått til mykje shopping, samt mykje reising. I tillegg var me på Notting Hill i går, som også var ein opplevelse. Sjølv om me ikkje fann den blå døra, fekk me sett litt av Notthing Hill og ete ein utruleg god pizza. Heldigvis har eg tatt masse filmar også. 

I dag var me på Oxford Street, der dagen vart starta med make over på Boots av ei utruleg flott dame på Benefit avdelingen. Då måtte eg også kjøpe nokon produkt. Heldigvis har eg sett på porefessional lenge, og når ho prøvde den på meg vart eg heilt frelst. Gledar meg til å prøve den i kveld. Me skal nemleg på Mamma Mia, og verdas finaste restaurant (om den ikkje er for dyr). Eg skal også leggje ut eitt innlegg til i kveld, så gled dykk. Haha. 

 

2 kommentarer

2 thoughts on “The very first day

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *