Då var endo ein dag over her i vakre London. Dagen har blitt brukt til å vere turistar, som har tatt bilde av ALT, samstundes farta rundt i byen for å sett dei forskjellege tinga. Me har blant anna sett Marble Arch, Buckingham Palace og ete lunsj i Green Park. Synest nesten det var koslegare å ete lunsj ute i parken, enn på ein restaurant. Me kjøpte med oss mat frå M&S, leigde to stolar og koste oss mens sola varma på den bleike huden. Åh, snuppa mi er så nydeleg. Turen gjekk vertfall vidare til Madame Tussauds, der me fekk blant anna besøkt mannen min, sjølvsagt George Clooney samt foreldrene mine. Er lenge sida eg har sett både mamma Angelina, og pappa Brad, så det gjorde godt. Ha ha. Er verkeleg i det morosame hjørnet i dag. Så fekk me oss ein tur inn på VS, der Marta klarte å bruka TO fuckings timar. Eg satt ute å venta på ho, gjekk litt i butikkane rundt, og trudde seriøst ho hadde stupt på grunn av prisane. Men neida, ho kom ut med ein bitte liten pose. Woho, bra prestert snuppa. Me reiste så litt på shopping, også heim att. Blir ein roleg kveld, med bad og avslapping før ein ny dag i måro. Då skal me blant anna på London Eye, Aqua Shard og igjen litt shopping.
Så fine bilder 🙂
Så fine bilder, ser ut som du har hatt det bra!
Ønsker deg en herlig sommer 🙂