The perfect start

Categories Kvardag


For ein perfekt start på veka! Alarmen ringte klokka kvart på ni, og eg var klar for å ta meg ein tur ute. Det vart litt jogging, og litt gåing. Planen var jo hovudsakleg å gå til Lauvnes, men i regn var eg for redd for å gli på dei glatte steinane. Da vart det i staden for ein tur rundt Tangen, før eg reiste inn og handla dagens middag. Livet som husmor ass. Haha, dikka skulle forresten sett meg i går når eg vaska huset. Øyreproppane var i med full guffe på tyrkisk musikk (som forresten er verdas beste vaskemusikk) og hender som gikk både hit og dit. Blir såå mykje morosamare å vaske når ein har musikk på øyrene. 

Så kanskje dette er ei ny byrjing? Veit eg har sagt det såå mange gongar, men eg må berre prøve og feile. Eg er langt i frå perfekt, men eg prøver jo mitt beste. Matplan og treningsplat er vertfall satt opp for kommande veke, og eg SKAL klare det dei fyrste vekene. Føler det eigentleg er då det er hardast. Skal prøve og vere så sunn som mogleg også i Tyrkia, og trene mest mogleg. Forhåpenglegvis får me oss ein leileheit med basseng, slik at eg kan trene litt der også. For å springe i det været der borte, kjem aldri til å skje. Kanskje eg leiger meg ein sykkel, og syklar litt rundt om. Me får sjå. Ønskjer alle sammen ei super flott veke, med eller utan trening 🙂

2 kommentarer

2 thoughts on “The perfect start

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *