Min lille London- guide

Categories Reise

Tenk at for ei veke sida hadde me nettop oppdaga flotte London, og vore der i ein dag. Tiden går såå fort, og det følest ut som det var i går. London importnerte verkeleg, og har derfor lyst til å skrive ein liten guide for dei som skal til London. Søkte over alt på nettet etter desse guidane før me reiste, sjølv om det ikkje var såå mange som poppa opp. 

Hotellet me låg på har alt, pluss mykje meir. Både eg og Marta var enige om at ein får meir enn det ein betalar for. Me betalte 2500 kroner per person, for fire netter. Noko som ikkje er dyrt i det heile tatt, igjen, spør nokon i familien om dei har Coop kort (noko me brukte), fordi det kan lønne seg. For dei 2500 kronene fekk me eit heilt ok+ rom, frukost, fri tilgang til treningssenter, gratis wifi og fri tilgang til jacuzzi og badebasseng. På dei andre hotella som var alternativa kosta hotellet rundt sju tusen, pluss frukost kvar morgon. Det einaste som er litt “negativt” med hotellet er at ein må ta tog inn til sentrum. Men det gjekk bra, og me fekk oppleva litt av det engelske kollektivsystemet. I tillegg ligg det midt i mellom Gatwick Airport og sentrum, så ein brukar kun tjue minutt med tog til flyplassen. Plassen hotellet ligg på, East Croydon, er kjend for å vere eit roleg strøk, med hovudstikkord som busniess. I tillegg ligg kontoret til AIG rett attmed, så ein føler seg ganske trygg. Eg vil gi dette hotellet terningkast 5. 

Så kjære alle sammen! Lat meg presentere dykk for nutellapannekaker toppa med herleg frukt. Denne restauranten har til og med nattopent, og hadde me funnet den før siste dagen, kunne eg faktisk ha sittet her til sola står opp. De anar ikkje kva himmelen smakar, før dikka har smakt desse. Restauranten heiter VQ, og ligg på Tottenham Court Road. Dei hadde sjølvsagt også nutella milkshake, som me sparte til ein anna dag. Skal eg nokon gong til London, skal me garantert besøke denne restauranten fleire gonger. 

Har du derimot lyst å kaste vekk litt peng på fem brokkolibukettar (MED SAUS) så går du på Aqua Shard. Ja, det er himla dyrt der, så ver forbredt på det. Min kjære queen fekk ein forrett med noko tunfiskgreie, ein liten del av ei svineribbe, vannflaske og eit glass med champagne for tusen kroner. Så ja, du reiser ikkje her om du har brukt alle dine pengar på sminke og kle. Men utsikten herifrå er jo absofu**ing amazing! Reis opp her på kveldsti (NB: Reserver bord typ tre-fire veker før) og ta ein drink. 

Dei fleste veit kva plassar ein BØR besøke. Min favoritt var garantert gulldetaljane på Buckingham Palace. Ein bør også ta seg ein tur på M&S matbutikk, før ein sett seg ned og nyt ein god lunsj i Green Park. Vanvittig koselig. Andre plassar er jo sjølvsagt Madame Tussauds, London Eye, London Bridge, Notting Hill og sjølvsagt Big Ben. 

Så var det shopping da jenter. Det viktigaste av alt! Føler eigentleg det ikkje er så mykje å sei om shoppingen. Vil du føle litt på det preget av stress går du i Oxford Street. Da tek du anten tuben til Oxford Circus Station, Tottenham Court Road eller Bond Street. Her har du så og sei alt. Primark, dior, MAC, superdrug, boots, Selfridges og alt du kan komme på. Vil du derimot slappe litt av, og ha det litt kaldt, roleg og avslappande tek du tuben til Westfield. Grunnen til at det er så avslappande der, er fordi arealet på kjøpesenteret er gigantisk! Her har du alt du treng inne på eit senter, og visst du berre skal vere i London eit par dagar, anbefalar eg absolutt å ta turen innom Westfield for å komme gjennom alle butikkane. 

4 kommentarer

4 thoughts on “Min lille London- guide

  1. Å kor heldig du er…Ser så flott ut ….gode minner for resten av livet…håper eg og ein dag får oppleve London 😄

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *