Årets fyrste bad

Categories Kvardag

Tenk at me har bada for fyrste gong denne sommaren. Og gjett om det var iskald? Me er faen i juli, og det var ikkje varmare enn femten grader i sjøen, men me klarte uansett og komme oss uti. Alise låg faktisk ute og plaska i ein time også, så all ære til ho. Sola var framme eit par timar, som var nok til å bli solbrent litt her og litt der. Men det blir jo heldigvis berre brunfarge seinare. 

 

Når eg ser på desse bilda ser eg verkeleg kor mykje eg har lagt på meg, noko som gjer meg trist. Veit eg skal stå for det eg skreiv på bloggen for eit år tilbake, men hallo! Det skal finnast ei mellomgrense også. Eg er jo absolutt ikkje nøgd med korleis kroppen min ser ut, men det er SÅ vanskeleg å få ein sunn livsstil. Men ein må jo berre prøve, og prøve. Om du cheatar ein av dei dagane du ikkje skal, er det jo berre til å starte neste dag, som ein ny. Så eg har lovd meg sjølv å prøve alt eg kan, og eg skal klare å komme inn i nye rutiner denne sommaren. Ein mellomting mellom der eg er no, og der eg var for eit år tilbake. 

3 kommentarer

3 thoughts on “Årets fyrste bad

  1. Jeg leser det du skriver og jeg skjønner hva du sier, jeg har vært overvektig hele livet og sliter med å gå ned i vekt. Jeg bestemte meg for å ta meg sammen og har nå gått ned 10kg på 2 måneder, er jeg fornøyd? nei, men det er en start og jeg føler meg litt bedre. Ikke gi opp, som du sier så er det bare å starte dagen etterpå!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *