Makeup of the day

Categories Sminke

Du veit du er gal etter sminke når det fyrste du gjer, når du kjem heim er å sminke deg. Holy! Eg elskar å setje meg ned, leike med fargar, synge, banne, lage ein perfekt vinge til eyelineren og lage den styggaste vingen eg nokon gong eg har sett. Veit eg absolutt ikkje er den flinkaste til å sminke meg, men det har eg aaldri sagt heller. Sminke er for meg ein hobby, og noko som får meg til å slappe av. 

 

Ellers så var eg på formiddag i dag, og var ferdig halv fire. Rakk så viiidt bussen, og måtte springa bort til den (stakkars meg, hehe). Glømte att nøklane i det eg passerte ut på kiosken. Men uansett så overlevde eg. Dei siste dagane har vore proppfulle med planar, og “aktivitetar”. Har lærekøyrt masse, i og med at eg har fått oppkøyring. Og eg føler eigentleg det går ganske greit, sjølv  om ein ikkje skal seie det hundre prosent. 

 

Eg har ikkje ein gong begynt å pakke til Tyrkia. Vel, bortsett frå sminkemappa! Haha, av alle ting. Neida, men lagde ein liten video til dikka over kva som er med meg til Tyrkia av sminke. Den vart forresten veldig, veldig mørk, men skal prøve å redigere den lysare. I måro skal eg óg på formiddag med fine Runa. Etter det er det heim og pakke, gjere seg klar til avreise. Blir ni timar venting i København om natta, så det gledar me oss veldig til. Håpar på å få sove litt, blogga litt, redigert litt video og sett litt seriar. 

4 kommentarer

4 thoughts on “Makeup of the day

  1. Så pen du er 🙂 Vet du hvordan man lettest kan finne ut hvilken foundation farge man passer best? Syns jeg får flekker hele tiden, uansett.

  2. Lisa: Vil annbefale deg å gå til Kicks, der dei har ein slags scannar som finn ut kva hudtype du har, farge, om du er varm eller kald osv. Det viktigaste av alt er å finne ein foundation som passar hudtypen din. Har du tørr hud vil eg annbefala Bojouris sin healthy mix, fordi den blant anna skal pleie huden din. Har du meir oljete hud vil eg anbefala deg Loreal infallible sin matte. Det er også viktig og starte med ein god hudkrem, og primer. Sett heile looken med eit settingpudder, der eg annbefalar Rimmel sitt Stay Matte! Om du synest det verkar puddrete, og caky kan du spraye over med Mac sin fix +. Da vil pudderet setje seg mykje meir naturleg 🙂 Håpar det var litt til hjelp.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *