Kva så?

Categories Oppsumering

Alle er unike! Det er ein viktig tanke, som alle sammen burde tenka gjennom fleire gongar for dagen. Derfor irriterar det meg så UFATTELEG at ein skal gå i mot personar kun på grunn av at dei har ein anna hudfarge. Det skjærer meg langt inn i hjertet at folk kan tru andre er stygge, slemme, terroristar, homsar, idiotar, innvandrarar kun på grunn av ein annarledes hudfarge. HALLO? Kvar er logikken? Kvar er den stemma i hovudet ditt som skal seie: Slutt! Den personen er U N I K! Det er eit menneske, akkurat som deg, og akkurat som meg. Du skal ikkje behandle den personen dritt, kun fordi den ser annarledes ut på utsida.

Eg er så utruleg heldig som ikkje har den instillingen. Eg synest alle er viktige, og har sin plass i denne fantastiske, men vonde verden. Mange ser ned på dei som er mørke, og kanskje frå eit afrikansk land. Men eg elskar dei. Dei er så godhjerta, snille og fantastiske mennesker. Kvifor skal dei liksom vere terroristar berre fordi dei kjem frå eit afrikansk land? Eg har til dømes to fantstiske tantebarn som er halvt gambiske, og eg elskar dei like mykje som eg elskar mine to heilnorske tantebarn. Kvifor skal eg ikkje det liksom? I mitt hovud verkar det ikkje logisk i det heile tatt. Sjølvsagt finnest det avvik, som kanskje har vokst opp i ein voldelig heim, eit voldeleg land og har hatt ein traumatisk oppvekst. Men slike finn ein også i Norge. Sjå på Breivik. Han tok livet av mange fantastiske sjeler, berre fordi dei hadde ei anna oppfatning enn han. Slik skal det absolutt ikkje vere.

 

Visst ein skal sjå det slik, så kan ein ta dømet i Årdal. Det er kanskje eit sårt tema for mange av oss årdøler, og mange har andre meiningar enn det eg har. Men når han tok livet av tre menneskeliv, gjekk Årdal i mot mange av dei flotte asylsøkarane me har. Dei vart sett ned på, som at alle var som han. Alle skulle øydeleggje heile Årdal, kvifor hadde me tatt inn asylsøkjarar i det heile tatt og korleis skulle me få dei ut? Er det noko rart dei blir lei seg, og deprimerte når alle ser på dei ute på gata? Det hadde vertfall eg blitt. Det var nok ein av grunnane til at dei holdt seg inne, og gjekk sjeldant ut. Men no, eit og eit halvt år seinare blir dei tatt meir vare på. Kvifor er det slik at visst EIN gjer noko gale, skal me plassere alle i samme bås og ta totalt avstand frå dei?

 

 

Eg er så glad dei tok turen til skulen vår, der dei fortalte vegen frå heimlandet til Norge, der me fekk sjå bileter, og der me fekk høyra deira historie. Dei har det ikkje lett. Dett du av bilen som skal føre deg til ein båt, drit sjåførane i det. Dør han, så dør han. That’s life liksom. Eg trur mange fekk eit anna syn på asylsøkarane etter det, noko eg er veldig glad for. Hadde det vore opp til meg, hadde eg blitt venn med dei alle. Alle fortjener ein trygg heim, eit trygt land og ikkje minst eit trygt liv. Ingen skal leva på flykt frå heimlandet, og krig. Ingen! Som dikka sikkert har skjønt så ville eg berre poengtera at sjølv om dei er mørke, kvite, orange eller what so ever, betyr dei like mykje som alle andre.

 

 

Ein skal lære seg og ikkje setje folk i bås, og dømme dei etter korleis dei ser ut. Ver så snill. Rasisme er det styggaste eg veit om, og eg håpar at verda ein dag skal bli likegyldig, null rasisme, null hat kun kjærleik. Og om eg har påverka nokon si instilling i laupet av dette innlegget er eg evig takknemleg. Eg bryr meg ikkje om det er ei, eller hundre sjeler. Det viktigaste er at ein sprer bodskapen, og får fleire til å forså at me alle er like på innsida. Alle har like stor rett til å eksistere, og alle har like stor rett til kjærleik og eit lykkeleg liv.

2 kommentarer

2 thoughts on “Kva så?

  1. Enig! Såg ikkje at me såg ned på nordmenn etter det breivik gjorde 22 juli! Verden e urettferdig 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *