Beach birthday

Categories Tyrkia 2015

God kveld alle sammen. Endeleg var det min tur til å sei at eg er 18!! Kor sjukt er ikkje det? Føler fortsatt eg er eit lite barn, som ikkje er klar for å ta det store skrittet ut i den skumle voksenverda. Men men, åra går og ein må vel berre finne seg i at eg ikkje lenger er eit lite barn. Natta var kjempe lang, med feiring, drikking og oppkast. Neida, det var ein utruleg roleg kveld, med to drinkar og rusling på stranda. Var kjempe koseleg 🙂

Dagen har vore fin, og eg er blitt kjent med eit nytt par fra Oslo. Skal forresten ete med dei i kveld, og feire i Alanya seinare. Vurderte ein tur til Summer Garden, men me får sjå. Er så langt vekke, også kostar det jo inn. Så er det berre to dagar til jenta mi kjem ned, og det gleda eg meg sååå masse til. I tillegg til lik humor, like hjerne og lik tankegang fann me plutseleg ut at me har samma bil og. Og detta er ein one of a kind bil altså folkens. Det ekje ein svart BMW me snakka om, men ei lita appelsin frå peugeot. Så visst ikkje stemninga mellom oss blir fantastisk her nede, veit ikkje eg.

3 kommentarer

3 thoughts on “Beach birthday

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *