Kylie Jenner inspired

Categories Kvardag

Hei og hå adle saman! Bloggmotivasjonen har verkeleg vore på botn sida eg kom heim frå Tyrkia, men endeleg har den begynt å stige litt. Samt også med anna inspirasjon, blant anna for youtube, lære tyrkisk og skulestart. Føler meg super klar for skule start, og er fit for fight. Hadde aldri trudd eg skulle skrive det, men jo, eg er faktisk klar. I tillegg har eg jo kjøpt meg bil, som eg brukar til å råne litt. Er kjempe deilig å slippe å ta bussen for kvar einaste gong eg skal til Øvre. 

 

I dag har eg fått filma denne fine looken med mørke lepper, lett augesminke og flawless hudsminke. Så gled dikka til den sminke videoen kjem. Ellers kjem Marius og Maria ned, som er tanteungane mine, slik at me skal filme ein litt artig video. Eg har også Tyrkia innkjøp liggande på lur, som eg veit mange av dykk gleda dykk til. 

 

7 kommentarer

7 thoughts on “Kylie Jenner inspired

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *