London annbefaling: Tomada

Categories Favorittar

Hugsa dikka den restauranten eg syntest det var SÅ god pizza på i Notting Hill? Vel, eg har alltid tenkt eg skulle lage ein liten annbefaling, men trudde eg hadde mista bildene. Plutseleg mens eg satt og bladde gjennom bilda frå London poppa dei opp. Er verkeleg evig takknemleg i og med at det var noko av det beste eg har smakt.

 

 

Sjølve restauranten var veldig, veldig koseleg. Den var liten, samt plass til nok folk. Den var ikkje full, noko som var overraskande. Dei som jobba der var også utruleg hyggelege, men det er jo engelskmennene uansett. Denne plassen er til å annbefale visst du ikkje er veldig svolten, men alikevel vil ha litt påfyll av bensin. Dei har jo også servering av kaffi, cafè latte osv. Det er verkeleg fint å ta seg ein liten pause på denne koslege plassen. I tillegg ligg den HEILT nederst av Notting Hill gata, så da kan ein ta seg ein liten pause før ein går opp igjen. Eg har ikkje peiling kva strøket heiter, eller gata, men eg hugsa me hadde gått heilt ned, og at det var ein TESCO på andre sida av vegen.

 

 

Pizzane du får er kjempe små, men heilt ferske. Så som sagt, visst du dør av svolt, ikkje gå her! Men visst du berre vil ha litt “kosemat”, så har du kommet riktig plass. Eg bestilte med margarita pizza, og herrejesus så god den var. Smakte skikkeleg italiensk pizza (sjølv om eg ikkje har smakt det). I tillegg var det ikkje meir enn fire pund for ein, så ein tapar vertfall ikkje peng på å prøve den. I tillegg er det godt å sitte ute, sjå på folk og nyte opplevinga. Me hadde det vertfall kjempe koseleg på denne lille, koslege restauranten.

 

0 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *