Going home

Categories Kvardag

God morgon/formiddag alle fine. I dag står sola på den blå himmelen og varmar over heile Oslo, akkurat som i går. Eg har hatt såå fine dagar her med familien. Er så trist at dei bur såå langt vekke, og at eg ikkje berre kan komma bort til Aisha og Tamara når eg vil. Fine gullungane. Heldigvis har eg to i Årdal som eg kan vere med så mykje eg vil, men det er jo ikkje alltid like kult å henge med tante. 

 

 

Som eg sa i videoen skal det bli kjempe godt å komme inn i litt rutinar igjen, og kanskje få bloggen på plass igjen. Kvar sommar skal eg alltid blogge mykje, men det blir som regel motsatt. Uansett, så skal det bli fantastisk godt å komme inn i rutinane igjen. Eg har også handla meg nye joggesko slik at eg skal begynne å trene litt att. For det meste springing, så får me sjå om eg melder meg inn i Årdal Gym etter kvart. Kven veit? Uansett, så snakkast me i måro. Ha ein super duper dag. 

0 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *