Min hudpleie rutine

Categories Sminke

Det å passe på huden, sjølv om ein er ung, er utruleg viktig. Spesielt når ein brukar sminke kvar dag, og så mange produkt. Det er nok fortsatt ein del som søv med sminken på, men det er noko eg ikkje annbefala nokon og gjere. Huden kan bli stygg av det, og huden har godt av å puste om natta. Det handlar om å bruke dei rette produkta for din hud, og det kan dei fleste hudpleiarar eller sminkebutikkar hjelpe deg med. Dei er spesielt flinke til det, blant anna på kicks. 

 

Eg har funnet mine absolutt favorittprodukt, men har også handla litt nytt no i Oslo, for å prøve det ut. Det fyrste eg gjer når eg er tek av meg sminken er å setje opp håret, for å ikkje få det i ansiktet under prosessen. Så brukar eg dei store bomullspadsa som ein får kjøpt over alt. H&m førte dei før, men no har dei berre små. Men eg veit at blant anna Europris, og kicks selg dei. Eg så tek garnier sin micellar cleansing water på padsen og begynnar med huden. Då tek eg sirkelbevegelsar rundt i heile huden, på augebryna og evt. lepper  til sminken er vekke. Dette produktet er genialt! Det tek vekk alt som skal vekk. Også er det viktig å skifte ut padsa når dei blir for skitne. Eg brukar også dette rensevatnet på augene, men med ein heilt ny pads. For å få vekk absolutt alt, er det viktig å gå inn med ein toner, og da brukar eg sensai sin celluar performance. Tidlegare har eg brukt blant anna Lancome sin, men den synest eg vart alt for sterk. Denne derimot, luftar deilig og er mild mot huden. Ein skulle tru sminkefjernaren tok alt, men når ein ser på padsen etter ein har brukt toneren blir ein sittande att med hakeslep. 

 

2-3 Dagar i vekar har eg ein skikkelig spadag, der eg brukar maska og skrubb. Den beste maska for ureinhetar er garantert Lush si mask og magnaminty. Denne drep all dritten i huden din, og etterlet den mjuk og god. Ha den på i ca ti minutt, så slår du på lunka vatn og duppar ansiktet ned i hendene. Samtidig får du også skrubba huden, sida det finst korn i den, som verken er for harde, men heller ikkje for milde. Så eg vil seie at dette er eit to-in-one produkt. Prisen er heller ikkje galen, og ein får så mykje meir enn ein betalar for. Om eg heller vil gi huden litt fukt, brukar eg ei fuktighetsmaska, som er frå sminkebutikken i Tyrkia. Eg har den desverre ikkje framfor meg no, men skal redigere det inn når eg kjem heim. Denne skal tørke, og du kan dra den av. Eg pleier av og til å sove med den. Visst eg berre vil skrubbe huden, brukar eg benefit sin refined finish. Den har perfekte korn, og huden følest ut som ei barnerumpe etterpå. Kvar dag, og kvar kveld likar eg å bruke clinique sin dramatically diffrent moisturizing cream. Denne gir huden mykje fukt, og passar perfekt for oss som berre vil ha litt ekstra fukt. 

4 kommentarer

4 thoughts on “Min hudpleie rutine

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *